Svar om barnehagar i Lesja: – Dette har ikkje rot i verkelegheita

Debatt

I eit lesarinnlegg i Vigga kjem tillitsvalde i Utdanningsforbundet og Fagforbundet i Lesja med kritikk av Lesja Senterparti sine spørsmål under open post i kommunestyremøtet 10.06. Det vert i innlegget teke opp tema som ikkje var ein del av saka under open post, og framsett ein del antagingar og påstandar om Senterpartiet sine haldningar og meiningar som vi ønskjer å kommentere.