Vi kan gjere ein skilnad

Diakonirådgiver April Holten ved Hamar bispedømmekontor, Maryam og sønnen Bilal, og Hilde Langseth, prosjektleder AKS ved Frelsesarmeen Lillehammer.  Foto: Kristin Tepstad Eide/Hamar bispedømme

Debatt

Alle biskopane i landet står bak årets TV-aksjon «Barn, ikkje brud.» Kor nært barneekteskap er oss i Norge fekk diakonane i Hamar bispedømme oppleva da dei nyleg hadde fagsamling. Til samlinga kom også Maryam. For fyrste gong skulle ho dele historia si offentleg.

Kronikkforfattar: Biskop Solveig Fiske.  Foto: Monica Hjelle

Maryam kom til Norge som flyktning frå Afghanistan for 12 år sidan. I dag bur ho på Lillehammer. Ho hadde med seg sonen Belal på 22 år, den yngste av fem barn. Gjennom Frelsesarmeens sitt arbeid på AKS på Lillehammer har ho lært seg norsk og fått arbeidspraksis.

Ho tar oss med til landsbyen sin i Afghanistan der ho voks opp. Vi ser for oss jenta som mista far sin tidleg, og som voks opp med ei mor som måtte jobbe ekstra hardt for å forsørge henne. Vi ser augne hennar som ber mora så inderleg om å få gå på skule, men kor lyset sløkker når mora fortel at det er umogleg. Vi høyrer jentungens draum om å få bli lege, men kor dagane fyllast av å vere heime medan dei andre barna får lære og utvikla seg.

Maryam blir alvorleg når ho fortel om dagen då mora fortalde at Maryam skulle gifta seg. Jenta på 11 år skjøna ikkje kva som skjedde, og kunne ikkje forstå kva som venta henne da ho neste dag skulle giftast bor til fetteren på 25 år. Ho skildrar dei neste åra kort med ordet «vanskelege». Ja, for de er vanskeleg å vere prisgjeven ein storfamilie som bestemmer alt i livet ditt. Allereie 12 år gamal var Maryam gravid, og dei neste åra fekk ho 5 barn utan tilgang på korkje sjukehus eller lege. Livet gjekk med til å arbeide for storfamilien, og til barnepass. Eit halvt år etter at det siste barnet hennar, Bilal vart fødd, døde mannen. Maryam fortel at ho såg flya som flaug høgt over hovudet, og drøymde om eit liv ein annan stad.

Møtet med Maryam minner oss om ei tid som heldigvis er forbi i vårt eige land. Jenter blir ikkje sendt bort frå heimen sin for å livnære seg sjølve i tidleg alder lenger. Kvinner har fått, og tatt plass i samfunnet vårt som likeverdige samfunnsborgarar med menn, med rett til å utdanne seg, og moglegheit til å utvikla evnene sine.

Årets TV-aksjon «Barn, ikkje brud» set fokus på jenter som Maryam, som ikkje får desse moglegheitene. Internasjonalt er det så mye som kvar femte jente som blir gifta bort, sjølv om det er forbode i mange land. TV-aksjonen støttar Plan International sitt arbeid med å hindra at barn blir gifta bort i landa Bangladesh, Nepal, Mali, Niger og Malawi.

Eit såkalla «barneekteskap» legitimerer vald og overgrep mot barn. Religiøse leiarar er ofte med på å gjennomføre ekteskapsritualet. Eit samla bispemøte seier difor at samarbeid med blant anna lokale religiøse leiarar er sentralt for å kunne motivera til å endre tradisjon og praksis.

Biskopen i Hamar støttar Plan International sitt arbeid for jenter si utdanning, for likestilling, og for retten til å vere barn, ikkje brud. Det kan vi i år gjere gjennom å bidra i årets TV-aksjon.