– Ei utredning av eit elendig forslag er etter mitt syn bortkasta tid og pengar

Kronikkforfattar Oddvar Romundset reagerer på vedtaket frå kommunestyret.  Foto: Simen Rudiløkken

Debatt

Før kommunestyremøtet sist tordag hadde både GD og Vigga store oppslag om kommunedirektørens forslag om å rive småskulen på Lesja og bygge 20-25 omsorgsbustader på skuleplassen. Småskulebarna skulle da flyttast opp på storskulen. Og alt dette skulle skje i løpet av eitt år. Dette var eit sparetiltak som var foreslått i ein fersk rapport frå KS-konsulent.

Forslaget vart lagt fram i kommunestyret utan å ha vore vurdert av den skulefaglege eller sosialfaglege kompetansen kommunen rår over, og det har heller ikkje vore innom formannskap eller livsløputvalet. Til Vigga uttalte kommunedirektøren at det var bevisst frå hans side, for elles kunne saka bli lagt død! Ein hårreisande uttalelse, etter mitt skjønn! Her skulle altså saka køyrast igjennom før dei berørte hadde fått sett seg inn i saka. Dette må vera i strid med alle demokratiske saksbehandlingsprinsipp!

Heldigvis tok avisene opp saka, så foreldra og tilsette ved skulen fekk tid til å reagere, og kommunestyret mottok skriftlege synspunkt både på saksbehandlingsmåten og på innhaldet i saka frå FAU ved Lesja skule, foreldreutvalet i barnehagen og utdanningsforbundet før kommunestyremøtet. Dei var alle negative til saksinnhaldet og behandlingsmåten.

Kommunedirektøren fekk ordet før saka vart lagt fram. Han kom da med ei alternativ innstilling der han tok ut omsorgsboligane og la opp til ei breiare utgreiing av saka om sanering av småskulebygget og flytting av elevane.

Etter mitt syn er dette eit håplaust forslag som kommunestyret burde avvist av følgjande grunnar:

  • Småskulen er eit tidsmessig og velfungerande skulebygg. Det vil vera eit vanvittig sløseri å rive bygget. Rapporten frå KS-konsulent set som ein føresetnad for innsparinga at bygget blir seld eller brukt til andre formål, ikkje at det blir sanert eller ståande ubrukt.
  • Ei overføring av elevar, SFO, lærarar og andre tilsette frå småskulen til storskulen vil måtte krevje betydeleg ombygging av storskulen. Det blir kostbart og vil føre til dårlegare undervisningsvilkår både for barneskulen og ungdomsskulen.

Kommunestyret burde dessutan forlangt at vanlege saksbehandlingsreglar blir fylgd i saker som er så viktige for innbyggjarane.

Eg må seie eg vart både overraska og skuffa da senterpartigruppa etter eit lengre gruppemøte gjekk inn for å la kommunedirektøren gå i gang med ei utredning av forslaget sitt. Ei utredning av eit elendig forslag er etter mitt syn bortkasta tid og pengar.

Eg er vidare forundra over at talsmenn for Lesja senterparti går inn for sparetiltak som går ut over barn og unge, at dei går for å avvikle det vi har i rein økonomisk pessimisme. I arbeidarpartiet er vi ikkje innstilt på å rasere dei gode tilboda vi har, og med ny regjering ser vi optimistisk på framtida for Lesja og for kommuneøkonomien. Det er påfallande at senterpartiet i Lesja ser så svart på økonomien, når senterpartiet har både finansministeren og kommunalministeren i denne regjeringa. Trur dei verkeleg det berre er tull når Vedum & co har snakka om kommuneøkonomien?


Kommunedirektøren foreslår å sanere Blåsenborg og bygge nye omsorgsboliger på stedet

I en sak til kommende kommunestyremøte i Lesja foreslår kommunedirektør Frank Westad å flytte barnetrinnene fra Blåsenborg til hovedskolen på Lesja.



Foreldre er kritiske til kommunedirektørens forslag om sanering av barneskolen

Til kommunestyret i Lesja på torsdag har det komme reaksjoner på kommunedirektørens forslag om å sanere småskolen Blåsenborg og bygge nye omsorgsboliger på stedet.



Prosjekt Blåsenborg:

Flertall i kommunestyret for en grundigere utredning

I kommunestyret i Lesja ble saken om å sanere Blåsenborg ved Lesja skule tema for debatt.