Romundset og ansvarlegheit i Lesja

Debatt

I eit lesarbrev til Vigga laurdag 23.10. går kommunestyrerepresentant Oddvar Romundset (Ap) til frontalangrep på Sp-gruppa i Lesja for å stemme for ei vidare utgreiing om det er mogleg å flytta elevane på Blåsenborg inn på Lesja skule. Angrepet er ikkje berre eit angrep på Sp, men og retta mot ein Ap-representant og ein frå Høgre som stemte likt som fleirtalet i Sp.

07.10. fekk kommunestyret framlagt bestilt rapport av KS-konsulent om rasjonell skuledrift i Lesja. Romundset var ikkje til stades i dette møtet. Vi fekk ei liste med ti tiltak for å spare pengar, blant anna at det er 4 millionar å spare årleg ved å flytte elevane frå Blåsenborg inn på Lesja skule. Andre tiltak som vart lagt fram var å slå saman ungdomsskulane, men det mest oppsiktsvekkjande var at Lesja skule er stor nok til romme alle elevane våre, inkludert dei frå Lesjaskog. Årsaka var at vi har hatt kraftig nedgang i antal elevar dei seinaste åra. I saka Romundset visar til er det snakk om å flytta elevar over i eit nabobygg, ikkje nedlegging av skular som gjer at elevar får lengre reiseveg og andre lærarar. Konsulenten konkluderte og med at skulevesenet blir stadig vridd over til å ta i bruk alternative læringsstader, ikkje berre klasserommet. Det kan være uteområde, nærområde eller andre alternative stader som blir brukt.

Det er vondt å innsjå realitetane, men vi kan likevel ikkje lukke auga for verkelegheita vi står ovanfor. Demografien seier at vi får stadig fleire eldre og færre yngre i kommunen. Dette er ikkje særskilt for Lesja, men likt for heile landet. Det fødast færre born og befolkninga vert eldre enn før. Ein må kunne forvente at samtlege kommunestyrerepresentantar tek innover seg alvoret i det. Det kan ikkje lenger skyvast under teppet at vi må vri økonomien over til der det er størst behov.

Vi meiner difor at ei vidare utgreiing kan gje svar på kor mykje vi kan spare ved å flytta elevane på Blåsenborg over i storskulen. For oss i Sp er det viktigaste at kvaliteten i skulekvardagen til elevane er fagleg god, noko den er i dag, og at elevane har trygge lærarar. Det er ikkje bygningane som set premissar for kvalitet og innhald, men gode og stabile lærarar. Det burde tidlegare rektor Oddvar Romundset og vera opptatt av. Vi veit og at vi f eks har behov for store summar til å oppgradera symjebassenga på begge skulane våre. Det er difor naudsynt å frigjera driftsmidlar til slike tiltak.

Vi er heller ikkje med på å setja dei yngre opp mot dei eldre, slik Romundset tenderar til. Det er, trass alt, dei eldre som har bygd opp samfunnet vårt. Dei fortenar, på lik linje som andre, å ha gode bu- og levevilkår. Vi sette omsorgsbustadar på vent da vi vedtok å byggje nytt helsehus. Det var heller ikkje slik oppstandelse i bygda da dei på legekontoret og helsestasjonen vart fløtt over i eit anna bygg.

Romundset avsluttar innlegget sitt med å ty til finansminister Vedum og ny regjering. Det er utopi å tru at vi får tildelt millionvis av kroner dei neste åra. Ein kan alltids håpe, men Lesja kom vel på ROBEK-lista like etter at førre raud-grøne regjering hadde styrt landet. Vi må uansett nytta tildelte midlar der det er behov og vi må innsjå at vi har befolkningsnedgang. Vi har nyleg fått eit nytt inntektssystem. Lesja, og Vang kommune, er dei to einaste kommunane i Oppland som har fått auka midlar inn i kommunekassa etter at det nye inntektssystemet var innført. Vi håpar difor at dette ikkje vert omgjort!

Til slutt vil vi seie at det er overhodet ikkje farleg med utgreiingar. Det er nettopp dei som gjev oss gode faktagrunnlag å fatte vedtak på, og for framtida så håpar vi at Romundset kan forhalde seg til fleirtalsvedtak i kommunestyret. Ap i Lesja kallar seg for eit ansvarleg parti, vi forventar difor at dei og tek ansvar og kjem med konstruktive og alternative forslag til innsparingar når vi behandlar slike sakar, ikkje berre stemmar imot. Det er 9 punkt til i rapporten frå KS-konsulenten vi må ta stilling til. Vi vil utfordre Ap på desse punkta og kor dei har tenkt å spare for å ivareta både våre eldre og våre yngre i framtida.




Prosjekt Blåsenborg:

Flertall i kommunestyret for en grundigere utredning

I kommunestyret i Lesja ble saken om å sanere Blåsenborg ved Lesja skule tema for debatt.