Frå tvang til folkeavstemming

"Ei slik stor samfunnsendring bør avgjerast gjennom ei rådgjevande folkeavstemming som gjev forankring, tryggleik og ro slik at vedtaket står seg i framtida, om det blir oppløysing eller ei."
Debatt

Solberg-regjeringa gjennomførte ein kommune- og regionreform som for Hedmark og Oppland sin del enda med ei tvangssamanslåing. Dagens regjering har gjennom Hurdalsplattforma slått fast at samanslåingar skal vere baserte på frivilligheit og eventuelle folkeavstemmingar skal være rådgjevande for nye fylkeskommunar og kommunar. Det viser at SP og AP ønsker å lytte til folket. Regjeringa vil også sette ned eit ekspertutval som skal gå gjennom fylkeskommunen sitt inntektssystem når fylkesstrukturen er avklara. Det er bra!