DEBATT:

Ja til Hedmark og Oppland

Debatt

Ein regionreform utan prosess og overkøyring av lokaldemokratiet er grunnen til at vi nå får oppløysingsprosessar i heile landet. Regjeringa har opna for dette og at det kan gjennomførast ei rådgjevande folkeavstemming. Når den nye fylkesstrukturen er klar, skal regjeringa tilpasse inntektssystemet etter den.

Vi skal ikkje la oss styre av følelser, men av fornuft blir det hevda. Vi skal ikkje bekymre oss over politisk representasjon, men av økonomi. Vi skal ikkje bekymre oss over sentralisering, for det gjer oss sterkare er også ein gjengangar. Vi blir for fåe kvar for oss blir det sagt. Dette er nokre av argumenta som blir brukt mot å dele opp Innlandet til Hedmark og Oppland.

Fylkeskommunen har eit budsjett på nesten 7 000 millionar for 2022. Det blir hevda at ei oppløysing vil koste det same som samanslåinga, 100 millionar. Av dei 90 millionane som var avsett til samanslåing, vart 45 millionar brukte til IKT-system. Desse systema kan fint nyttast vidare. Hedmark og Oppland tapar 25 millionar pr år som Innlandet med det inntektssystemet som er i dag. Regionale utviklingsmiddel, som skal gå til næringsutvikling i heile fylket, har dei siste 8 åra vorte kutta med 200 millionar pr år. Dette er alvorleg for næringslivet og utviklinga i Hedmark og Oppland. Vi treng heller ikkje å investere så mykje som 350 millionar på eit nytt fylkeshus på Hamar om vi løyser opp att Innlandet.

Eit stort fylke kan fort bli kostnadsdrivande fordi det å koordinere den auka kompleksiteten kan krevje fleire ressursar, det vi kallar stordriftsulemper. I Danmark, som var trekt fram i debatten om regionreforma, snur dei nå og løyser opp at store kommunar nettopp på grunn av dette.

Vi har fått klare meldingar om at ei større fylkeskommune har vorte fjernare frå våre kommunar. Er det da fornuftig å fortsette med færre politikarar og ein sentralisert administrasjon som ikkje rekk over i same dur som Solberg-regjeringa la opp til?

Det går mot oppløysing i heile Landet. Finnmark og Troms har allereie sendt søknad om oppløysing. Fylkesrådet i Viken har innstilt til fylkestinget om å søkje om å få attende Østfold, Akershus og Buskerud. I Vestfold og Telemark skal dei ha ei stor meiningsmåling, og den siste som var gjennomført viste eit stort fleirtal for oppløysing. Ei meiningsmåling gjennomført 10. november 2021 i Innlandet viste også fleirtal for oppløysing.

Dei fleste tilsette i fylkeskommunen jobbar på våre vidaregåande skular, tannklinikkane, vaksenopplæring og dei som vart overførte frå Statens Vegvesen. Det har alltid vore tett og godt samarbeid mellom Hedmark og Oppland og det kan vi fortsetje med. Det kan vere innan IKT, samferdsel og andre administrative tenester. Det kan vere med og dempe kostnadar utan at det svekkar den demokratiske styringa.

I store system blir menneske små. Ved å si ja til Hedmark og Oppland vil du få politikarar som er nærare knytt til ditt lokalmiljø, som kan tale di sak i fylkestinget og som kan ha god kunnskap og kjennskap til utfordringar og moglegheiter som vi, saman med stortingsbenken, kan løfte inn mot Storting og Regjering.

Nå får vi ei folkeavstemming der du kan stemme utifrå kva du meiner er best for ditt lokalsamfunn, din vidaregåande skule, din fylkesveg, ditt tannhelsetilbod eller di bussrute. Debatten vil gå og innlegga bli mange fram mot folkeavstemminga. Informasjon blir sendt ut, leserbrev skrivi og stor aktivitet på facebook. Fylg med, gjer deg opp ei meining og bruk stemmeretten din.