Fersk bakst på døra

Onsdag og torsdag hadde sjetteklasse ved Dombås skule kantinedag. Både Politiet og barnehagen fekk besøk av elevar som selde fersk bakst med noko attåt.

Martin Mølmen Bentdal, Martin Michal Hauzer og Oumou Hawa Diallo selde fersk bakst til Hilde Dahlby Fasteraune og Liss Sæteren i Dombås barnehage,   Foto: Anne Marie Aa

New Articles

I fjor hadde dei berre ein time i veka med Mat og Helse, mot tre dagar i år. Det er tradisjon ved skulen at elevane to gonger for året held kantine for resten av skulen pluss nokre andre i nærleiken. I år var Vigga med da tre elevar gjekk gjennom blåst og vind med frukt, vaflar og baguettar til dei ansette i barnehagen. Og dei vart godt motteke på alle avdelingane. I kantina på skulen var det fjerde- og sjuandeklasse som fekk smake på det sjetteklassingane hadde å by på torsdag.