Sjå bildeserie:

Sola skein om kapp med gullmedaljane

Medan OL i Pyeongchang er i ferd med å runde av held idrettslaget på Dovre framleis liv i vintersporten med barneskirenn på Eftansåe.

Kos Mattea Bergseng Svelstad, Tobias Ekre Teigen og Simen Rindhølen kosa seg i snøen. 

New Articles

Bildeserie:


Fleire barn og unge møtte opp då det var duka for barneskirenn på Eftansåe på Dovre laurdag ettermiddag. Totalt stilte 20 utøvarar, der berre ein deltakar var i aldersgruppa over 12 år. Fleire lokale stilte opp ved startstreken, men vinterferien førte også med seg litt turisttrafikk, kunne Astrid Ruste i Dovre IL melde.

Dei 20 deltakarene fekk bryne seg på kvar si løype i variert vanskeleghetsgrad etter aldersgruppe. For dei minste var det ei kort runde på 400 meter, 1 kilometer for dei litt eldre, og 4,5 kilometer for dei eldste av ungdommen. Her var det derimot ikkje stor kamp om fyrsteplassen, sidan alle som deltok vart påskjønt med gullmedalje.

Ikkje mangel på aktivitet
Arrangementet var gjort i regi av Dovre IL saman med Røde Kors, som sto for både servering av mat og drikke, og ikkje minst sikkerheit. Det var fleire moglegheiter for barna å kunne more seg, anten ein ville gå på ski eller leike seg i snøen. Etter skirennet var det også moglegheit for trugeløp.

Været var heller ikkje noko å klage på, med en temperatur på rundt 0 grader og vindstille som ga gode skiforhold. Etter kvart titta også sola fram frå bak skyene.

Oppvarming
Arrangørane var i alt nøgde med dagen, som hadde gjort sitt for å skape aktivitet i bygda. Dovre IL sto også for akedag tidlegare i vinter, i forbindelse med «Kom Deg Ut-dagen», og skirennet nå i helga blei sett på som litt oppvarming til det årlege Gråsiderennet som skjer kvar Skjærtorsdag.