Her er Dombås-russens russeknuter

Mai er her, og russetida er offisielt i gong. På Dombås begynte de feiringa allereie 20. april, men har enno mykje dei skal gjennom.

Årets russ: Dombåsrussen er allereie godt i gang med russetida. 

New Articles

Om du i løpet av dei neste par vekene skulle møte på ein gjeng raudkledde ungdommar som oppfører seg utanom det vanlege, er det mest sannsynleg russen som er på ferde.

Gjennom russetida gjennomfører russen ei rekke ulike prestasjonar, kalla russeknutar, som blir lønna med eit objekt knytt fast i lua. På Dombås er det ikkje noko unntak, og knutesjef Martine Haugen og Andrea Vorkinn har gjort sitt for å lage ei liste som er skreddarsydd for skulen.

I tillegg til å følge en standard mal for hele landet, har Dombås-russen også sine egne interne knutar. Med #MeToo-kampanjen friskt i minnet har det også blitt gjort nokon ytterlegare justeringar.

- Vi tenkte å ikkje være for drøye. Mange veljar å fjerne knutane som har med sex å gjere, men vi har tenkt litt annleis. Vi har ein knute som seier at man ikkje skal trakassere gjennom russetida, fortel Vorkinn og Haugen.
- Vi er en ganske snill gjeng, legg dei til.

Her er den fullstendige lista med russeknutar for Dombås:

  • §1 // KNUTE PÅ LUETRÅDEN
    24 timar (86 400 sekund) utan å sove.
     
  • §2 // SIKKERHETSNÅL
    Be om sextips frå mora til ein medruss.
     
  • §3 // LINJAL
    Sit under pulten ein heil skuletime.
     
  • §4 // ISPINNE
    Bad utandørs før 1. mai.
     
  • §5 // BOKSSPLINTEN
    Drikk ein halv liter (eventuelt 0,33 l) medan du sit/står og tissar.
     
  • §6 // GODTERIBURGAR
    Et ein cheeseburgar på to bitar.
     
  • §7 // STJERNE I BREMMEN PÅ RUSSELUA
    Ha sikker sex i løpet av russetida.
     
  • §8 // CHAMPAGNEGLAS I PLAST
    Reis deg kvart femte minutt i ein skuletime og rop:” Skål!”.
     
  • §9 // “L”
    Sett ein “L” (for øvingskøyring) bakpå ein offentleg tenestebil.
     
  • §10 // KONGLE
    Ha sikker sex utandørs.
     
  • §11 // GULLKONGLA
    Ha sikker sex utandørs i eit tre.
     
  • §11 // SMOKK
    Klin med ein fyrsteklassing (VGS).
     
  • §12 // LEIKEBIL
    Køyr 10 rundar i ei rundkøyring med russebilen.
     
  • §13 // BRUSKORK
    Vær edru gjennom heile russetida.
     
  • §14 // BOKBIND
    Vær aktiv i ein hel fyrsteklasse-time (VGS).
     
  • §15 // FLØYTE
    Leik hundehviskar med hunden til ein framand.
     
  • §16 // BIT AV SKILTET
    Sit saman med andre medruss i ei rundkøyring og ha eit skilt der det står: “Ein tut, ein skål!”.
     
  • §17 // LEIKESPADE
    Okkuper ein leikeplass med éin eller fleire medruss i ein time.
     
  • §18 // UÅPNA KONDOM
    Ikkje ha sex gjennom heile russetida.
     
  • §19 // BALLONG
    Klin med ein bror eller syster til ein venn (over 16 år).
     
  • §20 // KONDOMPAKKE
    Kjøp ei pakke kondomar kunn ved hjelp av kroppsspråk.
     
  • §21 // REFLEKS
    Ha radarkontroll med hårfønar og refleksvest i 50- eller 60-sona.
     
  • §22 // VASELINBOKS
    Si ”nei takk” til alle du møter i løpet av ein time, som om dei er prostituerte.
     
  • §23 // TAMPONG
    Putt 2 tampongar i munnviken og drikk ein halvliter øl/cider/rusbrus.
     
  • §24 // LITEN BLOMST
    Ha seksualundervisning for fyrsteklasse der du demonstrerer bevegelsane i praksis.
     
  • §25 // ØLKORK
    Drikk ei kasse 0,33-liter øl/cider på 24 timar.
     
  • §26 // MARIEKJEKS ;-)
    Ha ein 5 minuttars poledance på ein tilfeldig lyktestolpe.
     
  • §27 // SWIX-TUBE
    Gå på ski frå skulen til vinmonopolet.
     
  • §28 // RØD KNAPP
    Alltid ha på russebuksa når du befinn deg på ein offentleg stad.
     
  • §29 // TAUSTUMP
    Gå med ein annan russ i band ein heil skuledag.
     
  • §30 // NAVNELAPP
    Kall alle gutar Kjell-Magne og alle jenter Turid, ein heil dag.
     
  • §31 // ANTIBAC-EMBALASJE
    Sjekk deg for kjønnssjukdommar.
     
  • §32 // ROSA FJÆR
    Klin med ein russ av same kjønn.
     
  • §33 // SKOLISSE
    Krabb frå Kiwi til Coop.
     
  • §34 // SIGNERT KVITTERING
    Spander ein kebab eller annan nattmat på eit medlem av Russen sitt Hovudstyre.
     
  • §35 // RUSSEKORT
    Svindle til deg russekort frå eit barn.
     
  • §36 // LEKEBRANNBIL
    Ha sikker sex under menstruasjon/med nokon som har det.
     
  • §37 // KORS
    Si «halleluja» til alt læraren seier ein heil skuletime.
     
  • §38 // HALV ISPINNE
    Spandere is til barnehagen (i edru tilstand).
     
  • §39 // HUBBA BUBBA-PAPIR
    Et ei heil pakke Hubba Bubba og tygg den i timen.
     
  • §40 // MOBILDEKSEL
    Lat som om at nokon ringer, medan du sit i klasserommet/kantina, og si følgande høgt:
    - Gutar: «Eg kan ikkje vere faren! Eg kom jo ikkje inni deg, skjerp deg då!»
    - Jenter: «Det vert 2000 for eit enkelt ligg, pluss 500 kr for kvart sug»
     
  • §41 // BIT FRÅ SMØRPAPIRET
    Kjøp ei pakke smør og spør ein tilsett om det funkar som glidemiddel.
     
  • §42 // HÅRLOKK
    Gå til ein frisør og be om å få pulesveis.
     
  • § 43 // EMBALASJE
    Krabb inn i ein matvarebutikk og kjøp øl/cider. Rekk du ikkje opp må du spørje ein du ikkje kjenner om hjelp.
     
  • § 44 // RAUD SEIGMANN
    Når læraren snur seg mot tavla, skal du prøve å nå fram til tavla før læraren snur seg att.
     
  • §45 // HAPPYMEAL-LEIKE
    Køyr gjennom ein drive-through med ei handlevogn (som leverast attende) og kjøp eit måltid.
     
  • §46 // KJÆRLEGHEIT
    Ikkje trakasser nokon i laupet av russetida. 

Interne russeknutar

  • §1 // STEIN
    Stel sykkelen til Bård-Ove eller Ola, helst medan dei ser på, og sykle ei runde rundt kyrkja.
     
  • §2 // SNUSPOSE
    Gnikk Ola-Matti på hovudet minst tre gonger i løpet av ein skuledag.
     
  • §3 // LYKKETROLL
    Start ein heftig diskusjon med Ove, der du er heilt ueinig i alt han seier.
     
  • §4 // FOTBALLKORT
    Ytre ditt enorme hat for Rosenborg til Bård-Ove.
     
  • §5 // HJERTEGODTERI
    Flørt med ein mannleg eller kvinneleg lærar ein heil dag. Flørting inneberer blunking, intense blikk og frekke sjekkereplikkar.
     
  • §6 // LITE BILDE AV AC
    Spør AC om heilt tilfeldige ting ein heil skuletime.
     
  • §7 // LITE GUMMIHJUL
    Overtal ein lærar til å vere sjåfør ein heil kveld.
     
  • §8 // LITE BILDE AV ERLAND
    Få Erland til å fortelje om noko drøyt han har gjort.
     
  • §9 // SMILEEMOJI
    Ha eit smilekurs/venskapskurs for gjengen i fyrsteklasse, helst med PowerPoint og demontrasjonar.
     
  • §10 // BLYANT
    Lever inn ein detaljert logg til Ola-Matti frå ein sein og våt kveld.
     
  • §11 // VISKELÆR
    Prøv å føreseie kva læraren skal til å si. Helst prat svært høgt og med innleving.