Flaumen har roa seg - men forventer meir

Vassmassen i Lågen har minka, og dermed har mykje av vatnet trekt seg tilbake frå jorder og campingplassar i Lesja og Dovre.

Ilka, laurdag ettermiddag: Brua står enno, og det er god klaring mellom vassoverflata og brua. 

Vollheim, laurdag ettermiddag: I går låg elvekanten heilt opp til grunnmuren på huset til venstre. 

Dovreskogen camping: I går var mykje av gardsplassen dekt av vatn. 

New Articles

Her i Lesja og Dovre ser det ut til at det verste av flaumen er over. I løpet av natta har mykje av vassmassen i Lågen gått ned, og langs E6 på Dovre har også mykje av vatnet trekket seg tilbake, der det i går låg nær vegkanten.

Kan forvente meir
Elise Trondsen ved NVEs flaumvarsling melder at det ikkje er meldt vesentleg med nedbør i løpet av dei kommande dagane, men at temperaturen kjem til å stige igjen. På måndag vil temperaturen være tilbake til det same nivået som før flaumen på fredag, fortel ho.

– Det er fare for at vasstanden vil stige igjen, men vi har ikkje trua på at det vil bli på same nivå som fredag, fortel Trondsen.

Flaumvarselet for Lesja og Dovre ligg no på gult nivå, men kan komme opp igjen på oransje til uka, bekrefter Trondsen.

Stabilt i Gudbrandsdalen
Statens Vegvesen kunne tidlegare i dag melde på Twitter at vasstanden i Gudbrandsdalen har stabilisert seg.

– Vannstanden synker i Glomma nedover Østerdalen. I Gudbrandsdalen har vannstanden stabilisert seg ved E6 i Fåvang, men stiger sørover langs E6, skreiv Statens Vegvesen i ei pressemelding 13:22 i dag.

Om utviklinga fortsett vil dei forsøke å gjenopne E6 ved Fåvang i løpet av dagen. Riksveg 3 gjennom Østerdalen vil opnast seinast på søndag, nevner vegvesenet i ei pressemelding klokka 17:20 i dag.