Grunnvassnivået er på eit kritisk lågt nivå

Sol og lite nedbør har ført til at dei underjordiske vassreservane minkar. Grunnvassnivået er snart kritisk lågt over heile landet.

Desse karta frå senorge.no syner venta grunnvasstand 9. juli i år, samanlikna med den frå 9. juli i fjor.  Foto: FOTO: NVE/MET

Lavt eller svært lavt nivå på grunnvatnet i regionen vår.   Foto: Kart: Senorge.no

New Articles

Brannsjef i Lesja og Dovre, Åge Tøndevoldshagen, gjekk i dag ut og oppmoda om å legge ein plan for kva ein kan gjere dersom det går tomt for vatn. Oppmodinga gjekk spesielt ut til gardbrukarar.

– Det vil kreve kapasitet å frakte nok vatn. Det er viktig at alle er klar over dette, og kan følgje med på brønnen sin, seier Tøndevoldshagen.

Det er ikkje absolutt forbod mot eld og grilling, men brannsjefen oppmodar alle om å vere ekstremt forsiktig.

– Brannfara er ekstrem høg. Det er viktig å vere veldig forsiktig når det er så tørt som det er no. Ei lita flygeglo kan lage ein stor brann langt borte frå der bålet er. Og eingongsgrillar er akkurat like ille. Dette er ein veldig spesiell sommar, seier han.

Sjeldan lavt

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjort målingar av grunnvatnet i eit halvt århundre, og dei har sjeldan målt eit så lågt nivå som no. Bassenga av ferskvatn krympar med rekordfart. Dette viser fleire av NVE sine 80 målestasjonar.

I store delar av Sør-Noreg, Trøndelag og sør i Nordland er grunnvassnivået svært lågt og framleis søkkande.

– Det er gjennomsnittleg 20 år eller meir mellom kvar gong grunnvasstanden på denne tida av året er like låg. Om tørka held fram utover sommaren kan det verte kritisk, seier Hervé Colleuille, seksjonssjef hjå NVE til yr.no.

Han seier at det ikkje er ein dramatisk situasjon no, men at situasjonen vil forverre seg dersom vêrtypa held seg slik i vekene framover.

Grunnen til dette er den nedbørsfattige våren og forsommaren med høg temperatur og fordamping.

Fortsatt tørt

Fleire stadar har fått under halvparten av normal nedbørsmengd. I Røros kom det berre 26 % av vanleg nedbørsmengd i juni, i Fredrikstad 35 %, og i Oppland måtte dei klare seg med skarve 15 %, skriv yr.no.

Og dei som lengtar etter regn må nok lengte ei stund til.

– Det kan vere at det kjem små lokale regnbyger før helga, men det er langt i frå sikkert. Det ser ut til at det vil være tørt både denne veka og neste, seier Hanne Beate Skattør, vakthavande med Meteorologisk institutt til Vigga.