For det var ho som i fjor fekk ideen til å lage ein lokal akevitt. Og dama frå Kvam veit kva ho snakkar om, for gjennom fleire år har ho hatt stor interesse for akevitt og har halde mange foredrag om drikken.

– Eg nærast slengte ut ideen ein dag vi satt og prata, og dette tente Fredrik Weikle momentant på. Dette må vi få til, sa han. Dermed starta vi å planlegge, fortel Jacobsen.

Den rette smaken

Slik begynte ballen å rulle. Odd Nelvik, eigar av Det norske brenneri i Grimstad, vart kontakta.

– Han ga oss positiv attendemelding og ville ta på seg å brygge. Sidan da har vi arbeidd med å finne rette smaken, smiler Hanne Britt, som har ei prøveflaske på bordet. Resten av akevitten, heile 2000 liter, ligg på fat i Grimstad.

– Det ligg og godgjer seg, seier Jacobsen. Flaska er ho også stolt av. Logoen er det Fredrik Weikle som har laga. Motivet frampå flaska er eit bilete som er teke frå Veikle gard, utover Kvam. Medan baksida er dekorert med bilete frå Kvamsfjellet med Rondane i bakgrunnen.

Furu frå Kvamsfjellet

Og sjølv om akevitten har fått namn etter Gudbrandsdalen, er den smaksett med ingredienser frå Kvam.

– Damer i frå Kvam sanitetslag reiste innpå Kvamsfjellet og samla furuskot. Desse vart pakka i store askar og sendt nedover til Grimstad, fortel Jacobsen, som er spent på korleis akevitten vil bli teke i mot.

– Men eg er ganske sikker på at dette vil bli populært, altså, meiner ho.

– Polet får den i hyllene 7. september, og så håpar vi alle hotell og restauranter vil ta den inn også, legg ho til. Dagen ettter at den er ute for sal, er det marknadsdag i Kvam. Da vil det, slik planen er, vera mogleg å ta seg ein matbit - med Gudbrandsdalsakevitten attåt.

Damene i saniteten i Kvam har stått for jobben med å samle inn furuskot som er brukt til å smaksette akevitten med. Foto: Fredrik Weikle.

Fange essensen av dalen

– Dette er berre heilt toppers, seier Fredrik Weikle til Dølen. Da Hanne Britt kom med forslaget om denne akevitten, var ikkje han vond å be om hjelp.

– Vi treng slike nye produkt som kan selge Kvam og Gudbrandsdalen. Dette er drikke som gjerne er knytt til selskap, til jul og til andre feiringar. Slik blir vi knytt til noko positivt, seier Weikle. Tanken bak den tradisjonelle etiketten, var å fange essensen i Gudbrandsdalen, fortel han.

– Lun gudbrandalsstemning, men naturen og med tømmerveggar, forklarar han.

Numrerte flasker

Regionrådet ga dei også lov til å bruke g-rosa på flaska.

– Det er veldig flott, slik blir det eit produkt som er enda lettare å profilere, meiner Jacobsen.

Og ikkje er dette berre eit produkt som skal gjere Gudbrandsdalen kjent. Delar av inntektene frå salet, skal gå attende til bygda.

–Dette ligg det ingen kommersiell drift bak, seier Weikle.

– Nei, eg vil seie det slik at pengane skal gå attende til ein «gledeskonto». Desse pengane skal vi bruke på folket, på å gjere trivelege ting og skape meir positive aktiviteter i bygda, seier Jacobsen.

– Og kva skjer etter at det 2000 litrane er tomme?

– Da lagar vi meir. Med numrerte flasker er dette eksklusivt, og noko eg trur mange vil ha på bordet. Eg satsar på at akevitten blir godt motteke, avsluttar Jacobsen