Inviterer til orientering på Dovrefjell

Til helga arrangerer Wing Orienteringsklubb frå Trondheim orienteringsløp på Dovrefjell under namnet Moskusspretten.

Illustrasjonsfoto: Orientering er ein idrett som passar for folk i alle aldre.  Foto: Wing Orienteringsklubb

Ein smakebit på terrenget orienteringsløpet vil foregå i.  Foto: Wing Orienteringsklubb

  Foto: Wing Orienteringsklubb

New Articles

Moskusspretten er ein av årets nyvinning under årets sommerløp innan orientering, og ein del av forlengelsen til sommerløpene i Heidal. Det er første gang på over 30 år at det arrangeres orienteringsløp så langt nord i Oppland, kan løpsleiar for Wing Orienteringsklubb, Arne Inge Kolstad, informere om.

- Det er no 102 påmeldte deltakarar, alt frå tidlegare verdsmestre i orientering  til vinneren av løpebirken (maratondistansen) og nybegynnere. Påmeldingsfristen er på tirsdag, men er imidlertid mogleghet for å melde seg på direkte på løpet, fortel Kolstad.

Kolstad arrangerer løpet saman med broren Svein Terje Kolstad. Begge er oppvokst på Dovre, og kjenner godt til terrenger kor løpet skal foregå, og har lenge hatt ambisjon om å legge orienteringsløp til området.

- Løpet er for alle som kan eller vil prøve orientering. Det er 4 valgfrie løyper på 6.0, 4.3, 2.5 og 1.6 kilometer. De som ikke har prøvd orientering før kan prøve nybegynnerløypen. De er mest egnet for de over 10 år, men de minste bør nok løpe med en forelder, informerer Kolstad.

- Det er moglegheit for å låne løperbrikke på samlingsplass, men det kan være lurt å ha med eit kompass, legg han til.

Startstreken vil være synleg frå E6, ved den nye rasteplassen på Storrhaugrande, like sør for Furuhaugli.