Det er til saman tre jentelag og tre gutelag frå Lesja og Dovre: Dombås/Lesja J13, J14 og J15, G19 og Lesja/Dombås G14 og G16.

- Vi har jobba for å sende dei 5 yngste laga samla, mens G19 reiser på egenhand. Det er ein ambisiøs gjeng som reiser nedover med håp om å komme vidare, men dei reiser nok like mykje for opplevinga. Det er sosialt og morosamt, og man treffer mange nye folk, fortel lagansvarleg Hanne Mette Engen.

Norway Cup går av stabelen laurdag 28. juli, og varer deretter i ei heil veke. Arrangementet trekker til seg barn og unge mellom 6 og 19 år frå heile verda som møtes i ei stor fotballturnering. Turneringa vart først arrangert i 1972, og har sidan den gong blitt avholdt på Ekebergsletta i Oslo kvart år i veke 31.

Med rundt 1500 lag frå 50-60 ulike nasjoner kvart år dei siste åra, har den omfattande fotballturneringa æren av å kalle seg verdas største.

I 2016 slo turneringa rekord med totalt 2199 lag, og rundt 6000 kamper, ifølge turneringa si nettside.