I år som før arrangeres Pundarvangmartnan på søndag i forbindelse med Grimsdalsdagane, den fyrste helga i august. Kvelden før er det duka for fest på Tollevshaugen, med Jonas Fjeld duo som stiller opp som musikalsk innslag.

Dagane fortsett på søndag med marknad på Pundarvangen. Kvart år dei siste 20 åra har gudbrandsdøler og folldøler samla seg på grassletta i sentrum av Grimsdalen, og som vanleg vil det vere eit variert utval av salsboder med alt frå mat og drikke til diverse gjenstandar.

For å markere den over 20 år lange tradisjonen har arrangørane lagt til rette for mange nye spenstige innslag frå ulike aktørar.

Ordførar Bengt Fasteraune skal som vanleg halde ei tale med velvalte ord under opninga. Arrangør Ola Jon Angard kan lokke med at det Pundarvangen i år får besøk av ei ekte spåkone, samt frisørdame frå Folldal. Det skal også vere gamaldags auksjon, og musikalsk innslag med fløytespel.

Brannvesenet skal også vere til stede, og seier hemmelighetsfullt at dei skal vise fram nokre uvanlege, litt spesielle ting. Det vil også vere mogleg med skyss med hest og kjerre frå parkeringa.

- Det ser jælma lovende ut, seier Angard engasjert.