Gevirbedømming var eit nytt innslag under marknadsdagen på Bygdatunet, der temaet var reinsdyr. Dei som hadde eit gevir av rein, elg, hjort eller rådyr liggande kunne fekk levere det inn til bedømming i forkant av konkurransa. Gevira blei vist ut til alle besøkande, og det var 6 reinsgevir, 3 av hjort og eit rådyr på utstilling.

Vinnaren av beste reinsgevir var loringen Dag Mømb, som fekk gullmedalje med god margin. Geviret var frå ein rein som han hadde skote sjøl i Lordalen, heilt tilbake til 1984. Minstekravet for å motta gull var ein total poengsum på 800, beregna ut i frå vekt, storleik og generelt utsjåande. Mølm sitt bidrag fekk ein poengsum på 933,7.

Geviret til Mømb var frå eit reinsdyr med ei slaktvekt på 90 kilo. Bredde mellom stengenes spisser var på 80,3 centimeter, og gevirets største utvendige vidde var på ein heil meter.

Dommar var Tore Randen frå Sel, som er autorisert gevirdommer frå Norge Jeger og Fisk, avdeling Nord-Gudbrandsdalen.

Det var fleire fine reinsgevir å velje mellom.
Einaste rådyret med i kåringa.