Det vart utan tvil ei vellykka opningshelg for årets Markens Grøde. Både arrangørar og aktørar var særs nøgde med oppmøtet, då godt over 700 besøkande var innom tunet for å delta i aktivitetar, handle lokal bakst og råvarer, samt andre duppedittar.

Gamalt og nyttPå programmet var det tradisjonelle innslag som kalvmønstring og rundballtrilling, men noko nytt var det også. Blant anna skyting med pil og boge, i regi av Torgeir Noren, og lassokasting på eit nogså tamt reinsdyr.

Årets tema for Markens Grøde er nemleg villrein, og da passa dei to sistnemnde aktivitetane bra, då ungar og vaksne fekk eit innblikk i korleis ein jakta på rein før i tida. Det var også konkurransar som dialekt-quiz, gjetting av vekt og avstand, og mjølkespannhalding.

Gevirbedømming var også eit nytt innslag, der dei som hadde eit gevir av rein, elg, hjort eller rådyr liggande kunne sende det inn til bedømming. Gevira blei vist ut til alle besøkande, og det var 6 reinsgevir, 3 hjort, 1 rådyr og 1 elg som skulle dømast.

Bra arrangementDet var godt og varmt i solsteiken på Bygdatunet. Og sjølv om arrangørane, som for det meste besto av bønder, lengter etter regn, var ikkje vêret noko å klage på akkurat den dagen. Både styreleiar i Markens Grøde, Aasmund Kolstad, og dagleg leiar på Lesja Bygdemuseum, var godt nøgde med dagen.

Blant dei mange fjesa på Bygdatunet var fleire utfløtta lesjinger, som hadde teke turen tilbake til bygda for å oppleve marknaden. Blant dei var Jarle Byggjordet, som meinte at det var viktig å bruke bygdatunet for å halde det i live, og kunne fortelje at det var det mest levande bygdemuseet i heile Noreg.

Ansvarleg for pil og boge skytinga, Torgeir Noren, var utflytta lesjing, men har nyleg kome attende til bygda.

- Markens Grøde er eit godt arrangement, som er med på å forene bygda, forteller han.

Mot dagens slutt var det 459 betalande, omlag 75 frivillige/dugnadsfolk, 161 ungar, og over 50 personar som slapp inn med sesongkort, som utgjorde alle dei som var til stede.