Samlinga består av 79 dikt, skrevet av Høgbrenna sjølv, og tre av dei har blitt tonesett av Ola Enstad. Det er 9 år sidan Audun lanserte si siste diktsamling, og den nye vil ha offisiell lansering på Lorkverna fyrstkommande sundag, der han skal lese høgt frå samlinga.

Om våren og ungdomslivetDikta til Høgbrenna gjev eit glimt av bygdelivet i gamledagar, og frå ungdomslivet slik han sjølv hugsar den, samanlikna med korleis den er i dag. Mykje av inspirasjonen er derfor henta frå Lesja, og sin eigen erfaring.

– Tankane vil ofte sirkle tilbake til ungdomsårene, fortel Audun, som minnast om ungdomslag og laurdagsdans. Ein tradisjon som er forsvunnen, i alle fall slik han hugsar den.

– Eg ønskjer å fortelje korleis det har vore, og korleis bygdelivet har utvikla seg frå då eg var ung og fram til i dag, fortel han.

Lesja-diktaren skriv også mykje om våren, og har fleir dikt kor den årstida kjem tydeleg fram.

– Det er våren som gjær at livet på jorda består. Det fornyast kvart år, seier Audun. Nettopp dette er eit tema som går igjen i dikta.

Inspirasjonskjeldene er blant anna Jakob Sande, Olav Aukrust og Tor Jonsson, det Høgbrenna liker å kalle «Døladiktere».

– Dei fører meg inn på forskjellige tema innanfor bygdelivet, seier han.

Dikta varierer mellom dystert og morosamt, men helst morosamt, poengterer Audun. Og ofte med ein morosam replikk til slutt. Namnet på samlinga, «Rips og Rabarbra», valte han fordi det er dei eldste kulturplantene, og har fulgt med dit folk har busett seg.

Allsidig personHøgbrenna har ei allsidig yrkeserfaring, blant anna som gardbrukar, treskjerar og vaktmeister. Noko som har påverka tekstene. Han har også gjeve ut 4 bøker i serien Ordhittug Døl, som i 2013 var regissert som teaterforestilling av Kim Haugen. Han har også skreve om tømmerfløytarar i Gudbrandsdalen, noko han synes var spanande å sjå på før i tida. Ikkje minst har han forfatta teksten til Lesjasangen i 1960.

Rips og RabarbraEg gjekk i ein skog og kom ut på ei gleine. - Der syntes eg brått at eg var 'kje åleine.

Det kom som ei lufting, eit drag av ein vind der.Det livna og vakna,og draumen slapp inn der.

Og alt var så ljost, og det klårna så brått der.- Snart sto der det huset,som ein gong har stått der.

Ei litol og rundtimra,solbrunne stugu.- Bak glas og gardine, eg skimta eit hugu.

Da gjekk det i døra, og einkvan kom ut der.- Snart sto det ein spebygd, og ljoslugga gut der.

Og far hass dreiv nedanforstugu og spadde.- Og stelte med jorda, den flekken dei hadde.

Da lydde ei sutring,ein gråt, og der var ho.- Ei ljos, litol jente, og mor henna' bar ho.

Da bleikna dei bort,og eg såg ikkje fleire.For draumen min slokna, - dei var ikkje meire.

Eg sto der og undrast,og såg mot ei gleine,med rips og rabarbra. - Og meterhøg eine.