925 meter over havet kunne man sjå ei real badestrand i likskap med det ein finn på dei fjernaste Middelhavsøyer. Ved Avsjøen, langs E6 på Dovrefjell, var det godt tilrettelagt for å nyte fridagen i solsteiken på stranda.

"Playa del Dovrefjell"Langs vasskanten låg folk på rekke og rad og sola seg, mens nokon unna seg ein dukkert i det glinsande vatnet. Med ein temperatur på nesten 30 grader var det friske fjellvatnet ein god måte å avkjøle seg på, eller ta ein tur i kano.

For dei som tek ferien heimlandet i år, har dagane vore rause med høge temperaturar og sollys. Ein har difor ikkje behov for å reise langt for Syden-følelsen, for Avsjøen bar nettopp preg av det, men omkransa av norsk fjellnatur.

Strandliv i LesjaI Lesja har også vasstanden vore utruleg lav i Lågen i sommar, og langs Lesjaleira har store sandbankar dukka opp, som også tilbyr eit strålande strandliv i varmen. Det er derfor ikkje rart at mange folk har strauma til området i finvêret, sjølv om elva er for lav til å symje i fleire stader.

Folk bada og kosa seg i sola.
Ikkje berre folk kan nyte strandlivet.