Formann i historielaget, Oddvar Romundset, opna kvelden ved å presentere kveldens program. Etter messe i kyrkja samla fleire lesjinger seg ute på Bygdatunet, i strålande kveldssol ein behageleg sommarkveld. Lesja-songen var med på å sette i gang feiringa, før ordføraren haldt tale.

Tankar om bunadOrdførar Mariann Skotte fekk æra av å halde festtale på sjølve Olsok-feiringa. Skotte kom ikledd bunad, og tala hennar handla nettopp om dette nasjonalromantiske plagget. Ho fortalte ei historie om ei dame som gjekk nedover Karl Johan i Oslo, ikledd bunad. Kvinna i historia vart kasta stein på og trakassert, på grunn av sitt val av klesplagg.

Historia var satt til 1920-talet, ei tid då bunaden var et teikn på venstreradikalisme, og eit symbol på ein aktiv kulturpolitisk kamp. I dag er bunaden eit statussymbol, og ein viktig del av kulturarven, og til og med det ein kan kalle ein trend, ifølge Skotte.

– Det er viktig å bruke den med glede og stolthet, poengterte ho.

Ho introduserte dermed Aasmund Kolstad, som song «Hymne» av Jakob Sande.

Dikt og musikkEtter tala vart det musikalsk innslag med Eli og Håkon Kirkestuen, som skapte god stemning med danseband, country og gamaldans. Men dansing vart det derimot ikkje. Musikarane fekk ei lita pause, medan Jan Stavheim las opp utdrag frå den nye diktsamlinga «Rips og Rabarbra» av Audun Høgbrenna.

Diktaren skulle eigentleg vere der sjølv i den anledning, men måtte halde seg heime på grunn av helsa. Stavheim var derfor ein verdig stand-in, meinte arrangørane. Det vart meir musikk av Eli og Håkon før publikum til slutt fekk gå laus på kakebordet.