Av Ove Kirkestuen

Dei fyrste notata i éi av i alt 5 hyttebøker vart gjort sumaren 1917. Sidan den gongen har dei vitja Dalsida kvart år, både sumar, haust og påske.

- Det var bestefar Otto Johan Borchgrevink (1856 -1928) som starta det heile då han i 1918 bygde attåt seterhuset til Kolstad på Gåsbue. Men då Aursjøbassenget kom, var den epoken over i 1955. Heldigvis fekk vi ny tomt på Sørhella der hytta vår er i dag, fortel Johan Borchgrevink.

Kjærleik ved fyrste augneblinkOg nettopp hyttebøkene med daglege notatar fortel at Dalsida har vore eit viktig haldepunkt for familien frå Oslo. Mykje om vêret og kor mange fiskar dei har fått, men også lange skildringar av opplevingar, gjerne personlege, som fortel kor fengsla dei var av seterdalen i Lesja. Dessutan tyder mykje på at dei er eit hardført folkeslag. I alle fall var ikkje Otto Johan Borchgrevink av det kvisame slaget. Mannen frå Stangvik i Surnadal kom nemleg fyrste gongen til Dalsida ved hjelp av apostlane sine hestar.

- Det må ha vore som kjærleik ved fyrste augneblink. Han var berre 19 år gamal da han la turen om Dalsida på veg frå Surnadal til medisinstudiar i Christiania, skriv Egil Ulateig i si bok om Dalsida.

Sterke bandUlateig fortel at familien Borchgrevink fekk eit nært forhold til budeiene og familiane på Gåsbue. Mellom anna gjorde dei båtturar saman, og budeiene og byfolka inviterte kvarandre på middag, kaffi og seterkost.

- Dei fylgjer godt med i seterlivet og bekymrar seg saman med budeiene når kyrne ikkje kjem heimatt om kvelden, skriv Ulateig, som også viser til ei tekst då Sigurd Kolstad døydde i 1925.

- Eit rørande døme på dei sterke banda, i fylgje forfattaren.

Han nemner også ei gripande skildring frå 1929, skriven av éin av sønene til Otto Johan og Gertrude Borchgrevink etter at foreldra hadde gått bort. Under sjukeleiet gjekk mora sine tankar til Gåsbue, og fleire gongar bad ho mannen:

- Du må gjøre meg frisk så jeg kommer til Gautsbu i sommer.

Fisk, molte og godt vennskapWilhelm Borchgrevink, far til Johan, var éin av dei som førte tradisjonen vidare. Det var også han og søstera som bygde hytta der ho ligg i dag.

- Far var veldig glad i å fiske og plukke molte. Og nettopp fisking vart også ein kjær hobby for meg. Eit prov på at familien har lagt sin elsk på Dalsida, er at vi har laga eigne namn på kjære stader i fjellet. Eitt døme er Fleskesteinsvikje som vi kallar Morgenbukten. Ikkje minst er alle dei lokale venene ein viktig grunn til at vi trivst så godt, seier Johan Borchgrevink før han tek imot gjestane.

Éin av dei var Jan Stavheim som fortalde om sibirsk bergfuru som Otto Johan Borchgrevink hadde planta. Ein annan gjest, Margit Skotte, har møtt fleire generasjonar Borchgrevink.

- Eg minnest godt Wilhelm med sin hatt og vindjakke. Dessutan har familien alltid vore gjestfrie, seier Skotte.

Jubileet viste at familien Borchgrevink sine band til Dalsida framleis er sterke. Fascinerande at ein fottur kan utvikle seg til eit kjærleiksforhold som framleis er høgst levande.

Medlemmar av familien Borchgrevink saman med gode vener frå Lesja under 100-års jubileet på Sørhella sist helg. Foto: Ove Kirkestuen
Otto Johan Borchgrevink (1856-1928) som starta eventyret på Dalsida, arbeidde både seint og tidleg. Bildet er truleg frå 1920-talet då han bygde seg naust. Fotturen frå Surnadal via Dalsida til Christiania berre 19 år gamal, viste også at han ikkje var av det kvisame slaget. Foto: Privat
Johan Borchgrevink, barnebarnet til Otto Johan Borchgrevink, med éi av hyttebøkene som fortel at slekta har lagt sin elsk på Dalsida. Foto: Ove Kirkestuen
Jubileumskake var ein naturleg del av menyen på Sørhella sist helg. Foto: Ove Kirkestuen