På grunn av vêret vart konsertet flytta inn, kor entréen ved hovudinngangen var fullsett av publikum. Både pasientar ved Fredheim og folk utanfrå som hadde teke turen for anledninga, hygga seg med kaffi og kake til gammaldansmusikk.

HjarteprosjektIdéen til ein sansehage på Fredheim høyrde opphavleg til avdøde Aasta Olstad, og mannen Sigmund. Mannen døde i 2015, medan Aasta døde brått i 2017, men ikkje før hjarteprosjektet hennar vart ein realitet.

- Vi håper vi har fått til noko i Aasta sin ånd, seier Anne Jorunn Mjellekås om sansehagen, som er noverande leiar for prosjektet.

- Ho hadde lyst til å få i gang ein sansehage, ein stille plass for folk å kunne vere, seier Mjellekås.

Mjellekås var med på prosjektet frå starten av, og vart ein naturleg etterfølgjar etter at Aasta gjekk bort. Saman med tre karer, Ola Jon Angard, Trygve Hovde og Steinar Nyhagen, sette prosjektgruppa på fem i gang med utbygginga av sansehagen. Hovde sto for snikkararbeid, Nyhagen la stein, og Angard sto for gravinga. Og Inger Synnøve Killi bidratt med maleri på betongveggen, med idyllisk fjellmotiv.

Det som berre var ein grøn flekk med ei rundkøyring bak Fredheim, er i dag ein triveleg møteplass for folk som ønskjer fred og ro. Den er stivpynta med blomar i friske fargar, fleire sitteplassar, og ein liten leikeplass for dei yngste.

Til nytte for alleSansehagen er lokalisert på Fredheim omsorgssenter, men er ikkje berre meint til dei som bur der. Her kan kven som helst opphalde seg, om dei måtte ønskje. I tillegg arrangerer støtteforeininga for sansehagen, som blant anna består av kjernen bak prosjektet, minst to arrangement om sommaren som er opne for alle. Og besøkerantalet har gått over all forventning.

- Det er moro når folk setter pris på det. Folk kommer, og det er bra. Det er det vi ønskjer. Målet er at det skal brukast, seier Mjellekås.

Og det kunne dei som var på besøk under konserten vere vitnar til, når godt over 100 personar ville sjå toradarklubben spele.

Lesja Toraderklubb sto for underhaldninga på onsdag. Diverre vart konserten innandørs.
Mykje arbeid er lagt bak for å forvandle ein grøn flekk om til det du ser her.
Vegen bak Fredheim vart oppkalla etter Aasta Olstad, som var hjernen bak prosjektet.