Ingen finaleplass på Dombås-utøvarar

Verken Johanne Killi eller Petter Ulsletten frå Dombås nådde opp til finale ette kvalifisering til verdscup i Freeski Slopestyle i Stubai i går.

  Foto: Illustrasjonsfoto/Arkiv

New Articles

I går starta kvalifiseringsrunda til sesongens fyste verdscup-renn i slopestyle, som i år arrangerast i austerrikske Stubai. Frå Dombås stilte både Johanne Killi og Petter Ulsletten på det norske landslaget i herre- og kvinneklassa, men ingen av dei presterte godt nok til ein finaleplass i dagens renn.

Nådde ikkje opp
Etter kvalifiseringsrunda endte Killi opp på ein tolvteplass i kvinneklassa, med 67,25 poeng, heile 29,75 poeng bak fysteplassen Kelly Sildaru frå Estland.