Torbjørg vart hedra etter 33 år i offentleg teneste

Torbjørg Bakken frå Lesjaskog vart torsdag kveld hedra med KS sitt hedersmerke for lang og tru teneste.

Torbjørg Bakken mottok KS sitt hedersmerke av ordførar Mariann Skotte.  Foto: Simen Rudiløkken

New Articles

Utdelinga gjekk føre seg i kommunestyresalen på Lesja kommunehus, kor det også var duka for kommunestyremøte.

Torbjørg starta som heimehjelp i 1977, eit yrke ho hadde i to år. Seinare gjekk ho over til å bli assistent ved Lesjaskog skule, og deretter ved Lesjaskog barnehage.

- No er eg kanskje innhabil, fordi alle ungane mine har gått i barnehagen hjå deg, og alle seier det same, at Torbjørg er snill. Du har bidrege til at mange ungar har fått eit godt fundament, sa ordførar Mariann Skotte som delte ut hedersmerket.

Ordføraren takka Torbjørg for innsatsen og ønskte ho lykke til vidare.


Ut i pensjonistenes rekker

Når ungane i Lesjaskog barnehage kjem attende etter nyttår er det noko som ikkje er heilt slik det brukar. Torbjørg Bakken (øyeblikkeleg 70) har vore fast inventar sidan 1992. No har ho blitt pensjonist.


Sjølv om ho gjekk av med pensjon før nyttår har Torbjørg hatt fire arbeidsdagar i barnehagen på Lesjaskog i løpet av 2020.

- Når eg var der fekk eg eit smask. Dei spurte om eg visste kvifor eg fekk eit smask, og dei sa det var "fordi vi er glad i deg", fortalte Torbjørg.

Ho takka for å ha ein slik arbeidsplass i så mange år, kor ho knapt har kvidd seg for å dra på jobb ein einaste gong.

- Det var ei stor kneik å slutte, men det er frykteleg godt å vere pensjonist, avslutta ho.