DEBATT

Berre ein vegstubb

Det er så litol ei sak. 2.1 kilometer veg og tredve menneske, av dei minst ein halvpart pensjonistar, utan makt og myndigheit. Men dei forbrukar kommunale midler og det har ikkje kommunen råd til å spandere på dei i desse kommunale naudsår.
New Articles

Så, berre på ei lita stund på eit kveldsmøte av våre leiande politikarar, blir det bestemt at dei tredve må klare seg sjølve. Dei 2.1 kilometrane som er livslina dei til verda, må dei ta seg av sjølve. som best dei kan, med drift og vedlikehald.Det kan koste dei dyrt.