Innhaldsrik årbok frå fleire lokale forfattarar

Gudbrandsdal historielag Dølaringen har kome med si hittil 89.utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen.
New Articles

Det er ei fyldig bok på over 200 sider, som redaktør Geir Beitrusten i år kan presentere. Frå det rikhaldige stoffet kan ein spesielt nemne Egil Ulateig sin artikkel om Grenda mi – Bø i Lesja. Heile 22 sider tek blant anna for seg oppveksten hans i Bø, der Lågen rann som eit klasseskille mellom dei fattige på vestsida, og dei som hadde meir å rutte med på andre sida av dalen. Han skriv og om krigen, historiar han høyrde om den og som gjorde at han vart spesielt interessert i emnet. Han skriv om oldemora Gina, som var ei drivande kraft i misjonsarbeidet og som brann for Kinamisjonen. 17 år gamal vart Ulateig sjølv frelst og ville bli prest, men mista trua to år seinare. Han beskriv óg 50-åra da hesten måtte vike for motorkraft i landbruket.

Farmor: Marit Ulateig lærte barnebarnet Egil Ulateig å lesa frå ein gamal bibel. Ho var streng haugianar.  Foto: frå årboka

Arne Skuterud som er oppvaksen på Dombås står bak artikkelen Den dramatiske livshistoria til Ruth Lomnitz, ei av dei fyrste kvinnelege legane i Gudbrandsdalen. Ho var blant anna assistentlege på Dombås frå 1949, og arbeidde hjå Arnes far Hartvig Skuterud. Ruth var tyskfødt jødinne og flykta frå heimlandet sitt i 1937. Til Norge kom ho eitt år etter at krigen var slutt.

På Breidablikk: Arne Skuterud heilt til venstre, og Ruth Lomnitz etterfølgjar, Arne Ness og kona.  Foto: frå årboka

Årboka er og via spanskesjuka og mange andre, spennande artiklar frå heile Gudbrandsdalen.