Kunstnar Kjell Bendiksen stiller ut på Dombås hotell

Dovre og Lesja kunstforening, populært kalla Dolekufo, opna i helga utstilling med bilete av Kjell Bendiksen. Kunstnaren bruker djuptrykk-teknikk, og etsar i metallplater.

Fornøgde med utstillinga: Kunstforeiningsleiar Gunnel Andresson og kunstnar Kjell Bendiksen skålar i eplemost. 

New Articles

Bendiksen har aldri brukt eit hotell som utstillingslokale før, og seier han synest kontakten mellom brukar og bilete er interessant. Kanskje vil bileta fungere heilt annleis her, enn i eit galleri? Han er også fornøgd med korleis bileta opptrer på hotellveggane, anten det er i gangen, i matsalen eller i eit siderom.