Av Aud Hove (Sp) fylkesvaraordførar i Innlandet

Det byrja med å temme vatnet for å male korn og til sagbruk. Så nødvendig produksjon til bygd og by for ljos i husa og etter kvart elektrisk utstyr og for industri. For nå at straumen har vorte eit spekulasjonsobjekt i milliardklassa i ein internasjonal marknad.

Eg kjem frå kraftbygda Skjåk med ei stolt historie om korleis vatn vart til velstand for heile kommunen. Målet med kraftproduksjonen har alltid vore å produsere nok straum, til rett tid og til rett pris. Det var ei vekting mellom å bygge ut mest mogleg straum og å ta vare på naturen. Dei storstilte utbyggingsplanane i fjellområda på Austlandet skulle sikre ein stabil tilførsel av vatn til store kraftverk i låglandet nær dei større byane. Desse vart skalert ned i spenningsfeltet mellom utbygging og vern av rennande vatn og andre naturverdiar.

Konsesjonslovane som vart vedteke på Stortinget fyrst på 1900-talet etablerte vasskrafta som ein nasjonal ressurs. Fossane og elvane skulle kome fellesskapet til gode og prinsippet om heimfallsretten kom. Dei lokale fallrettane over vatnet vart avhenda og den lokale straumressursen vart kopla til det nasjonale samkøyringsnettet.

Den norske krafthistoria er ei spennande historie som vi alle bør kjenne til. Den fortel om ulike vektingar og ei utvikling der kraftverka og straumproduksjonen skulle tene heile samfunnet vel. Dei store industrireisingane kom der krafta vart produsert samtidig som nødvendig straum vart levert inn til dei store byane for å sikre dei.

Som det står i jubileumsboka til Skjåk Energi, 1919 – 2019, «Vasskrafta frå norske elver har gjeve lys og varme og elektrisk straum som grunnlag for velferd og rikdom over heile landet». Det bør det gjere i dei neste 100 åra også. Når det kostar kring 12 øre per kilowattime å produsere straum med tillegg for transport, kapitalkostnadar, nyinvesteringar og oppgradering, gjev det inga meining i at du og eg skal betale opp i 1000 øre! Da er det ikkje ein fri og spekulativ marknad som vil tene oss vel, men gode og nødvendige tiltak for å få nok straum til rett tid og rett pris.

Fylkestinget har vedteke at vi legg fylgjande til grunn for vårt eigarskap i Eidsiva at «eigarskapet skal vere med å gje innbyggarar og næringsliv over heile Innlandet tilstrekkelege og sikre straumleveransar og annan infrastruktur for grøn samfunnsutvikling. Tilgang til moderat nettleige og gunstig prising av kraft er grunnleggande for innlandets befolkning. Dette er også viktig i lys av fylkeskommunane si rolle som regional utviklar og for vidare elektrifisering av innlandssamfunnet». Dette må fylgjast opp med handling.

Eg er einig med dei som seier at kraftproduksjonen i Norge skal forvaltast slik at ein sikrar forsyningssikkerheit og gunstige prisar for straumkundar i Norge. Samtidig må vi slutte å forbruke straum utan tanke på at det er ei utømmeleg kjelde. Uansett er det ikkje ein marknad med ein feilslått energipolitikk i Europa som skal styre prisen. Det skulle berre mangle om ikkje Norge, som andre land, skal styre sin eigen energipolitikk og si utveksling av straum og sal av overskotskraft, slik at kraftverka skal tene oss vel også i dei neste 100 åra.