Så er vi i gang att. Høgre tonar flagg med at kommunane er for småe, dei leverer ikkje gode nok tenester, interkommunale samarbeid er noko herk og dei er heller ikkje bra for demokratiet. I politisk kvarter 27.02.2023 påstår Mudassar Kapur (H) at det berre er Haram, Søgne og Songdalen som ynskjer reversering av samanslåing, men dette er feil. Det er uro i mange samanslåtte kommunar!

Likevel vil Høgre tukte kommunane til å nok ein gong å bruke politisk og administrativ energi og pengar på den såkalla nabopraten med mål om færre og større kommunar.

I Innlandet vart ingen kommunar slått saman i løpet at kommunereforma til H, Frp, V og Krf. Dette til tross for at det var gjennomført timesvis med naboprat, møter, utgreiingar og pengar med fylkesmannen i front for å få kommunane til å slå seg saman. Tenk om alle desse kunne brukt den tida og ressursane til å utvikle kommunen sin? Derimot vart Hedmark og Oppland slått saman med tvang gjennom regionreforma. At to fylkesting sa nei hadde ikkje noko å si for regjeringa den gongen. Inntektssystemet vart endra til fordel for større kommunar og fylkeskommunen har vore stemoderleg behandla i 8 år.

I Innlandet vann Sp kampen om å lytte til folket ved å få eit fleirtal for å gjennomføre ei folkeavstemming, men vi tapte kampen om å løyse opp att. Dette sjølv om folkeavstemminga viste at eit fleirtal av innbyggarar og kommunar ville dele opp att dette store fylket som Innlandet er. Sjølv om eg og mange i Sp meiner Innlandet er for stort, vil vi nå bruke alle våre krefter for å utvikle og bygge heile fylket, sikre lokaldemokratiet og jobbe for godt samarbeid med alle 46 kommunane og legge til rette for gode lokalsamfunn.

Sp vil ta vare på og utvikle Hedmark og Oppland i Innlandet med sine styrker og ulikheiter.Vi er inne i ei tid der alt går stadig raskare, vi har hatt ein pandemi, det er krig i Europa og samfunnet er prega av sterkare polarisering mellom grupper og verdsdelar. Samtidig er Norge eit av verdas rikaste land med nokre av verdas beste velferdsordningar. Vi er inne i ei brytningstid der vi må ta klimaendringane på alvor, styrke beredskapen vår, sikre ein berekraftig velferdsstat, sikre nasjonalt eigarskap og tydeleggjere den lokale og nasjonale sjølvråderetten. Vi må førebygge uro og polarisering ved å gje like moglegheiter til å skape gode lokalsamfunn. Dette må vere uavhengig av kvar du bur, økonomi og sosial tilhøyrigheit. Staten si oppgåve må vere å sikre rettferdig fordeling som har aksept i kommunar og fylkeskommunar.

Sp vil ha gode tenester over heile fylket. Vi vil sikre høghastigheits breiband, mobildekning og betre fylkesvegar i heile Innlandet. Vi vil gje ungdom og vaksne dei beste moglegheiter for læring og utdanning der dei bur. Vi vil føre ein aktiv næringspolitikk og skape arbeidsplassar, verdiskaping og bulyst. Med andre ord utvikling og ikkje avvikling.

I den tida vi er inne i vil Høgre bruke tida på å nok ein gong å få kommunar til å slå seg saman? Forstå det den som kan. Dei vil jo også, i likheit med Frp, legge ned fylkeskommunen som dei har tvinga til å bruke mange millionar ved så slå dei saman med tvang. Dette vil dei nå gjere i ei tid der vi bør ha fokus på å bygge gode lokalsamfunn, styrke kompetanseutviklinga og beredskap og derfor sikre at det bur folk i heile landet.

Med færre og større kommunar får vi færre som skal styre over fleire. Dette er ikkje rett veg å gå!