Vi går inn i påsketida med skremmande bilete frå krigen i Ukraina. Skakande bilete som syner korleis folk lid både der og i andre deler av verda kvar einaste dag. Folk som mistar hus og heim, redde barn og vaksne, soldatar som døyr, og menneske på flukt.

Da er det godt å sjå det tydelege engasjementet for rettferd og fred, støtta til Ukraina og gjestfriheita som flyktningane vert tekne imot med.

Rundt om i bygd og by kjem dei til oss. Nå gjeld det! Det er nå vi skal syne at vi er dei vi gjerne vil vere. Ikkje berre i dag, men i morgon, i overimorgon, neste veke, neste år. Vere der for kvarandre. Bygge bru, bygge fellesskap, med dei som akkurat har kome og med dei som kjem.

Da det var markering på Stortorget på Hamar vart den ukrainske nasjonalsongen spelt, og mange av oss vart veldig rørt.

Vi var der saman med dei fyrste flyktningane frå Ukraina. Dei sto med alvorlege andlet og tunge blikk på torget i Hamar. Eit ukjend land, framande folk og eit språk dei ikkje skjøner. Saman sto dei, med oss andre som har fått verda hit. Sveipt i gult og blått.

Påskas tekstar dekker heile livsspennet. Jesu død på korset er eit symbol på håp midt i ei verd merka av liding og vondskap. Dette er tema på mange alterbilete.

I Hamar domkyrkje søker blikket fram mot altertavla. Den kraftfulle Kristus står på gravkanten, eller kanskje er det jordkloden med ei lenke i henda som er reve i sund. Dei nedbrytande kreftane og dødens makt er brote. Henrik Sørensen kalla bilete til venstre for «Verdsmisera». Her er dei mørke, jordslåtte fargane, det blodige barnet og mora i ei beskyttande rørsle. Biletet formidlar dødskreftenes gru og det angstvekkande til alle tider. Samtidig anar vi noko i jordfargane som syner veg mot livskraft. Den skeive krossen blir ein vegvisar mot Kristus. Lysa frå såra syner ein Gud som sjølv har kjent på kroppen kva dette inneber å vere einsam, i smerte, tørst og svolten. Å vera ein flyktning.

Vi kan ikkje fjerne død og mørke. Men vi er utfordra til å ta vare på kvarandre og vår sårbare jord, slik at rettferd vinn fram.

Når påska ringast inn ber vi med og for folket i Ukraina, og for alle menneske som opplev krig og øydeleggingar i verda.

Med ønskje om ei god påskehøgtid.

foto
Altertavlen i Hamar domkirke. Foto: Liv Torhild Bråthen