Av Reidun Øvre Øygard, regionrådsleiar Øst i Stiftelsen Norsk Luftambulanse

Akutthjelparane blir disponert av nødsentralane, og kvar einaste dag er akutthjelparane ute på medisinske oppdrag, som for eksempel hjertestans, brystsmerter, hjerneslag eller ulykke. I alvorlege, akutte situasjonar står det om minutt, og i snitt er akutthjelparane på plass hjå pasienten 16 minutt før lege og ambulansepersonell.

Erfaring viser at sjansane for å overleve og unngå helsetap aukar om pasienten får livreddande førstehjelp i påvente av at andre helseressursar kjem fram.

I samarbeid med Helsedirektoratet tilbyr Stiftelsen Norsk luftambulanse kommunale brannvesen over heile landet opplæring i førstehjelp slik at dei har kunnskapen som skal til for å kunne utøve akutt nødhjelp på skadestad eller hos alvorleg sjuke pasientar. Akutthjelparkurset styrkar førstehjelpskunnskapane, situasjonsforståinga og meistringsevne og gjer brannmannskapet betre rusta til å starte med livreddande førstehjelp umiddelbart. Tilbodet er ikkje ei erstatning for ambulansen, men eit viktig supplement til lokal beredskap.

Sidan starten i 2010 har Stiftelsen Norsk Luftambulanse kursa over 6000 brannfolk fordelt på 320 brannstasjonar i heile landet i livreddande førstehjelp.

I år kan vi glede oss over at Stiftelsen Norsk Luftambulanse i samarbeid med lokale brannvesen i Innlandet har gjennomført 29 akutthjelparkurs.

Tusen takk til alle som bidreg til at vi kan fortsette dette viktige arbeidet også i 2023.