Av Steinar Nyland

Eg har likt å skrive heile mitt liv, det være seg sangtekster, dikt eller forteljingar, og språket har vore både bokmål, nynorsk og dialekt.

For 6-7 år sidan såg eg mange fine bilder frå vår vakre natur, og da mest fjellnatur frå Dovrefjell området og frå vakre bygder under der. Dette var og er bygder som eg kjenner særs godt, og som eg har hatt mang ei vandring i,- og gjennom både sumar og vinter. Bileta var teke av ei dame som eg er ven med på Facebook, og har kjent sidan tidlegungdom, nemleg Liv Aspehol frå Dombås. Liv står bak om lag 130 av bileta eg har nytta. Tusen takk Liv! Resten har eg bruka av mine eigne bileter.

Om eg ikkje skreiv diktet direkte om bilete, så gav det meg inspirasjon til å skrive eit dikt, eller etterkvart så vart det små historiar på rim.

Det er nå nærare 6 år sidan eg drista meg til å senda det fyrste diktet til lokalavisa VIGGA.

Dikta vart skrive med ujamne mellomrom til hausten 2017. Etter det så har eg hatt eit dikt i VIGGA i allefall i over 90 prosent av utgjevne aviser i om lag 5 og eit halvt år

Dei fyrste 100 er komen ut i bokform, som skjedde på vinteren i 2020.

I VIGGA som kom ut 9. februar, altså i førre veke sto dikt nr. 250!

Da er det tid for å tenkja at: Alt har sin tid!

Heilt slutt er det ikkje; det kan henda det kjem eit innlegg med fylgje av eit bilde, om lag ein gong i månaden.

Til VIGGA vil eg seia: Tusen takk for spalteplass!

Så til alle mine trufaste lesarar: Eg vil takka dykk for dei mange attendemeldingane som har kome frå dykk.

Eg har fått utruleg mange gode og positive meldingar av alle slag, både reine «skrytemeldingar» og meldingar med konstruktiv «kritikk», og anna. Dei som ikkje har lika dikta mine har vel ikkje ytra seg, kanskje?

Tusen takk alle saman. Eg ynskjer dykk alt godt, og håper eg råkar på så mange av dykk som mogleg, på mine turar rundt i bygdene, i dalen som betyr så mykje for meg.