av Sigurd Avdem, fjellbonde og lokalmatgrunder

Og eg som trudde eg kjente det norske osteeventyret. Avdem Gardsysteri er nemnt i artikkelen som eit av dei fyrste gardsysteria som vart etablert i Norge. Når eg les artikkelen, skjønar eg fort at dette er eit forsøk på å blåsa liv i ein debatt om norsk EU-medlemskap, og partiet Høgre sin kamp for å bygga ned grensevernet for norsk landbruk.

Nordby Lunde pratar varmt om upasteurisert mjølk, og at EØS-avtalen frå -94 var viktig for å få fjerna kravet om å pasteurisera all mjølk også til osteproduksjon. Og der har Nordby Lunde eit poeng. Når norske myndigheiter skulle tilpassa sitt kvalitetsregelverk til EØS-avtalen, der det var opning for bruk av såkalla rå mjølk i osteproduksjon, var det eit argument for å opna for slik produksjon også i Norge. Men det var likevel ein lang kamp mot norsk byråkrati, og som vart vunne takka vera eldsjeler i bransjeorganisasjonen Norsk Gardsost. Island er også medlemmar i EØS. Der har ikkje dei nasjonale myndigheitene opna opp for dette. Norske myndigheiter kunne sjølvsagt innført dette uavhengig av EØS-avtalen.

Norby Lunde trekkjer også fram at det er gjennom det europeiske nettverket FACE (Farmhouse and Artisan Cheese & Dairy Producers European Network) vi har henta heim kunnskap om tradisjonsysting og metodar. Det stemmer ikkje. For Norsk Gardsost er det like viktig å utvikla produksjon av dei norske tradisjonsostane som pultost, gamalost og brunost. Der byggjer vi på eldgamle norske tradisjonar. Og når vi reiste ut til Europa for å bli inspirert i pionertida, var det gjennom nettverket til ressurspersonar som Pascale Baudonnell og Einar Alme i Innovasjon Norge. Når Norsk Gardsost er med i FACE er det fyrst og fremst for å ha ein kanal inn mot byråkratiet i Brussel, og for å dela erfaringar med yrkeskolleger frå Europa om korleis regelverket blir tolka i dei forskjellige land og regionar. Og som aktive deltakarar i ein slik organisasjon utvekslar vi kunnskap. Til hausten er det Norsk Gardsost som står som arrangør av den store årlege konferansen «European Farmhouse and Artisan Cheese & Dairy Meeting».

Norby Lunde er også innom grensevernet: «Til saman har vi nå mer enn 150 produsenter i Norge, som produserer mer enn 300 oster i alle varianter. Disse beskyttes i dag mot konkurranse gjennom høy toll på utenlandskimporterte oster.» Dette stemmer heller ikkje. Importen av ost til Norge har auka jamt og trutt. Berre dei siste ti åra er importen fordobla, og er nå godt over 17 000 tonn. Nesten ein tredjedel av dette er importert tollfritt, gjennom EU-kvoten på 4701 tonn og Storbritannia 299 tonn. Og når vi ser på kven som importerer mesteparten, ser vi at det er dei store aktørane i daglegvarehandelen. Noko er ost til industrien, men truleg er ein stor del av ostane vi konkurrerer med i ostedisken importert tollfritt. Og ca. 99,7 % av den norske kvalitetsmjølka blir framleis foredla av meieriindustrien. Det er dei produkta som fyrst og fremst treng eit sterkt grensevern.

Nordby Lunde meiner også at vi går glipp av vekst og eksport. Det stemmer heller ikkje. Norge har eksportkvoter som vi berre i liten grad utnyttar. Og i eit bærekraftperspektiv skal vi vel ikkje basera norsk landbruk på eksport?

Kva er den verkelege drivaren i det norske oste-eventyret? I alle fall ikkje EU og heller ikkje partiet Høgre. Fyrst fekk vi verdiskapingsprogrammet for mat i 2001. Ministeren heitte Bjarne Håkon Hansen frå AP.  Fritak frå overproduksjonsavgift på lokalforedla mjølk kom i 2003, og ministeren heitte Lars Sponheim frå Venstre.

Vi må læra oss faget og bli inspirert gjennom kunnskapsdeling gjennom nettverket i Norsk Gardsost og kollegar i andre land. Vi treng flinke bønder med stayerevne og økonomi til å satse. Vi treng eit sterkt meierisamvirke med mottaksplikt som hentar den mjølka vi ikkje foredlar sjølv, og vi treng TINE distribusjon for å frakta varene ut til kundane.

For min eigen del var motivasjonen å kunne utvikla garden ut i frå lokale ressursar. Å bygga opp noko der industrien rasjonaliserer og legg ned. Men også å ta vare på kunnskapen frå det gamle bondesamfunnet, med mjølkeproduksjon på fjellbeite og foredling under enkle kår på setra.

Heilt i frå vikingtida har nordmenn og -kvinner søkt ut, ikkje berre for å plyndre, men av eventyrlyst og for å henta kunnskap. Ved å vera opne mot verda, kan vi henta ut det beste frå andre, og forme det på vår eigen måte. Politikken må formast av det norske Stortinget, og ikkje i Brussel.

Sigurd Avdem, fjellbonde og lokalmatgrunder