Skrive av Aud Hove, Sp, fylkesordførar Innlandet

Søndag 6. august vart fylkesberedskapsrådet kalla inn til møte med varsel om at «Hans» var på veg og at store deler av Innlandet kunne bli sterkt ramma. Alle kommunar var invitert inn til møtet og alle responderte med å førebu seg på store nedbørsmengder og gjere seg klare for tøffe tak. Det var noko uklart kvar «Hans» ville ramme hardast, men vi stålsette oss.

Desse dagane har vist oss at kommunar, innbyggarar, næringsliv, frivillige og ulike etatar mobiliserer stort når ei krise rammar. Vatnet steig fort og den eine elva etter den andre gjekk over sine bredder eller fann nye løp. Lokalsamfunn vart lagt under vatn og isolert frå omverda, hus teke av ras og hundrevis av menneske evakuert. Jord- og steinras, oversvømming og utgraving gjorde at over 100 fylkesvegar vart stengde på det meste. I praksis vart Norge delt i to når både jernbane og riksvegnettet i Innlandet vart stengde og fylkesvegane som omkøyringsvegar også i praksis var satt ut av spel.

Når det stod på som verst var i praksis mange innbyggarar utan tilgang til både brann, ambulanse og politi. Vi hadde også område utan både mobildekning og nett. Heldigvis gjekk også det bra utan store hendingar. Det førte også til at mange bussruter ikkje kunne gå.

Men dei store heltane i dette er kommunane med si kriseleiing. Alle dei som gjekk ute gjennom heile døgnet og passa på bekker og åer, elver og vassdrag for å fylgje med på om dei vaks, gjekk over sine bredder eller tok nye løp. Dei som sat timesvis i gravemaskiner eller andre maskiner for å passe på og for å forhindre store skader. Dei frivillige som troppa opp og hjalp til med vakthald, mat og hus. Eg kunne sikkert nemnt fleire, for det var mange som stilte opp både frå det offentlege, private og enkeltpersonar.

Media informerte i tillegg til offentleg informasjon og hadde ei viktig rolle i å formidle kva som skjedde og utviklinga av flommen. Når «Hans» roa seg kom også medlemmar frå regjeringa og kongehuset ut for å sjå, høyre og forstå kva som har skjedd og omfanget av vatnet sine herjingar.

Nå har oppryddingsjobben starta og vi må få oversikt over skadar både for fylkeskommunen, kommunane, private, næringslivet og ikkje minst jordbruket. Vi stod saman i krisa og nå må vi stå saman i oppryddingsjobben. Her må vi hjelpe kvarandre og sikre at vi får oversikt over alle skader som «Hans» har skuld i. Alle regionar i Innlandet har på ein eller annan måte vorte påverka, men tøffast har det vore i Valdres, langs Randsfjorden, Gudbrandsdalen og i Glåmdalen. For å få den fulle oversikta over skadane må vi ha eit tett samarbeid med kommunane for å både finne gode løysingar og prioritere kva som er viktigast å ta tak i fyrst, både finansielt og praktisk.

Etter opprydding kjem oppbygging og vi legg til grunn at staten bidreg med å finansiere desse kostnadane, som har råka Innlandet spesielt hardt. For fylkeskommunen vil dette bli eit stort løft, men fylkesvegane må og skal reparerast sjølv om det for nokre av dei vil ta noko tid. Vi har bruer som har reist og nokre har fått skadar. Dette må også på plass. Men vi skal ikkje berre bygge opp att, vi må også sikre at fylkesvegane og bruene våre tåler ein ny «Hans». Vi må lære av det som har skjedd. Stikkrenner må dimensjonerast opp og gode grøfter må gravast.

Folk skal vere trygge på at alle reperasjonar skal gjere det trygt å ferdast att på alle våre fylkesvegar og bruer og at vi skal kunne ta imot ein ny «Hans» utan å måtte stenge over 100 fylkesvegar igjen.