av Mariann Skotte, ordførar i Lesja og Magne Vorkinn, ordførar i Dovre

Geografi, avstand, distriktsutvikling og verdien av ungdom i samfunnet dei høyrer til er sett til side. Tilsette sin kompetanse og deira viktige rolle i lokalsamfunnet er totalt fråverande i utgreiinga frå fylkeskommunedirektøren. Viktige resultatmål som karakterar, fråfall og trivsel, er heller ikkje med.

Vidaragåande skole i ein akseptabel reiseavstand frå eigen bustad er avgjerande for kvar folk og familiar ynskjer å slå seg ned og bu. Det bør vere ei viktig oppgåve for ein regional utviklar som fylkeskommunen er, å ha fokus på dette når dei vel å endre skolestrukturen i fylket.

Det må seiast å vere ein utruleg gamal og utdatert tilnærming om ein ynskjer å drive samfunnsutvikling dersom ein ikkje tek omsyn til andre kriteria enn  berre tal på elevar. Det er skammeleg lite "Innlandsorientert" når ein burde forvente ei tilnærming til skolestruktur for vidaregåande opplæring som utgangspunkt for utvikling.

Utgangspunktet ser ut til å vere kriteria der volum og sentralisering vil rasere dei svakaste og som er lettast å ramme, slik som Dombås og Lom. Korleis kan det vere mogleg å velje slike kriteria når ein skal bygge sterke lokalsamfunn og gi ungdom sterkast mogleg tilhøyre? Kvifor er ikkje skoleresultat, fråfall og trivsel dei viktigaste kriteria for fylkesadministrasjonen.?

Det er generelt stor fråfall i den vidaregåande skolen i Innlandet. Det er ein stor kostnad for ungdom og samfunn. Kvifor ikkje tenkje nytt om problematikken kring fråfall, lage noko nytt, gi tilbod om alternativ og utvikle noko for desse ungdommane. Det er her fylkespolitikarane må tenkje "utanfor boksen". Ein må tenkje menneske og behov – ikkje "berre økonomi".

Skal ein vere ein utviklar og ein utviklingsorganisasjon – så må ein tørre og gå framfor og vise veg, ikkje avvikle det som er bra. Her talar vi om unge menneske som har heile livet framfor seg, det er dei vi skal hjelpe fram til noko meiningsfylt for seg og for samfunnet.

Den vidaregåande skolen, anten den er på Dombås eller i Lom, er ikkje berre eit bygg. Den er ein heilt avgjerande samfunnsinstitusjon med sine tilsette og deira verdi og rolle i skolen sitt lokalmiljø. Som regional utviklingsaktør burde fylkeskommunen sjå på korleis den kan bidra til vekstkraftige lokalsamfunn som gir grunnlag for vekst og tilflytting på stader der dei nå vil legge ned skolar. Kva har skoleeigar bidratt med til styrking av dei utsette skolane?

Fylkeskommunen har ikkje lukkast som regional utviklar når dei foreslår å legge ned den viktige samfunnsinstitusjonen på Dombås og i Lom. Slik fylkeskommunen framstår, så vel ein å sjå bort frå at dei har svikta som regionsutviklar  lengst nord i Gudbrandsdalen. Dei sviktar distrikta, ungdommen, familien og næringslivet ved å vurdere skolestrukturen isolert frå alt anna.

Ein regional utviklingsaktør er vel ein nytenkande, positiv, utadretta, samfunnsinteresseret og kommuniserande utviklar også innanfor dei tilbod dei vidaregåande skolane bør ha og som ungdom og næringslivet etterspør.

Ein regional utviklingsaktør skal ikkje vere ein samfunnsavviklar – men ein som bidreg til at den menneskelege kapitalen som ligg i eit vidaregåande skolstilbod gis moglegheiter. I fylkeskommunen sin gjennomgang av skolestrukturen kan det sjå ut til at det er samfunnsavvikling som ligg til grunn. Slik skal det ikkje vere.

Mariann Skotte, ordførar i Lesja og Magne Vorkinn, ordførar i Dovre