av Magne Botten

Etter ønske frå kommunestyret i Dovre kom sendingar frå kommunestyremøta i gang 16.12.2019.

I åra 2019 – 2022 fungerte det rimeleg greitt med nokre glipp. Opptaka vart lagra. Fleire fulgte sendingane direkte eller såg på opptaka seinare. Eit fint tilskot som informasjon til innbyggarane i Dovre.

Ein ting er å følge med på saker som dei folkevalgte diskuterer i velgarane sitt namn. Noko anna er at dei folkevalgt kan gå inn i ettertid og høyre kva som eigentleg blir sagt. Ein kan m.a. få stadfesta om vedtaka blir fulgt opp slik dei er vedtekne eller om det er avvik.

Frå april 2023 har det stadig vore problem med sendingane gjennom kommuneTV i Dovre. Det går heller ikkje fram på skjermen at/kvifor det ikkje er sending. Da blir det å vente og håpe, da.

Så vidt ein veit er det tilsatt fleire med stor IKT-kompetanse i Dovre kommune. Da kunne det vel vore greitt å testa «systemet» på førehand slik at ein i alle fall veit at det ikkje blir sending og så lagt det ut på skjermen.

Det er mange som saknar eit kommuneTV ein kan stole meir på. Slik at ein slepp å spekulere på om det er ein spesiell grunn til at det heile er meir eller mindre nede for tida.

Ikkje alle vil eller kan ta sykkelen og spurte på Båtsto for å vera tilhøyrar.

Innbyggarane i Dovre fortjener at kommuneTV fungerer!

Magne Botten