Av Jørgen Nørstegård, Lesja.

Etter å ha svindla og lurt folket sitt som statsminister i åtte år, så var det slett ikkje så rart at kontrollkomiteen var einige um at Erna Solberg stod bak den mest alvorlege svindelen tå dei som sat på tiltalebenken.

Sitater som «Svindel i særklasse» og «Solberg hadde ikkje kunna halde fram som statsminister, dersom svindelen hadde vorte uppdaga da ho var statsminister». Så var det straffa for brotsverket da, intervjuarane streva hardt for å få eit svar, men det gjekk mest i, «Må ta på høgste alvor», «Gjev eit kraftig signal» o. s. v.

Politisk kommentator i Aftenposten drista seg til og si at «Politikerene har fått seg en skikkelig trykk nå». Modig fyr. Slik er det, eliten blir «hardt» straffa. Høveleg straff for Erna Solberg som stod for den grovaste svindelen ha vore å stå nokre dagar i ein gapestokk.