Av Astrid Sæther

Det er ikkje til å tru! Dovre kommune annonserer Klukkarhaugen, den eldste skulebygningen, til salgs; eit vakkert, gamalt bygg, arnestaden for kunnskap frå1860. Bygningen vitnar om skulehistoria i Dovre, her vart den fyrste faste skulen i bygda etablert, her budde og virka ei lang rad med dyktige lærarar som ofte også tente som klokkarar, av dette namnet «Klukkarhaugen». Som S.Wigenstad nemner (Vigga 12.10.) skaper det miljø rundt kyrkja vår, med vakre bjørketre, mot mektige Sjøberget i vest. Eit vakkert kulturlandskap faldar seg ut her ved midtpunktet i bygda. Dette blir sterkt forringa om bygningen forsvinn.

Bygda skal ha ny barnehage. Dette er viktig og positivt. Så langt har skulehusetpå Klukkarhauen vore med til å gje barna kunnskap om gamle dagar.

Huset har stor kulturhistorisk verdi, slik H. Hundevadt peikar på (s.st). Og det har også arkitektonisk verdi: I skissene til ny barnehage, peikar arkitekt Erik Langdalen (2023) på at huset representerer sveitserstil-arkitekturen i dalen fråseint 1880-tal, og både eksteriøret og interiøret er relativt intakt, med detaljar og farger som er tidstypiske. Både vindauge, dører, vindskier og trapp synestoriginale og av høg handverksmessig kvalitet.

Dette huset (og stabburet) vil kommuna avskaffa. «Folk er for seint ute», slår prosjektleiaren for nybygget A. Killi fast og viser til at riving / salg er vedteke. Rådmann Nissen (kommunedirektøren) set også spørsmålstegn ved verdien av den gamle skulebygningen (Vigga, febr. 2023). Dette synet er fullstendig historielaus.

Kva er det som gjer at bygder som Lom og Vågå hegnar om vakre bygdesenter, tar vare på dei og bygger dei ut, medan Dovre kommune legg hus ut for salg til kven det skal vera, også om det betyr ut av bygda? Utan planar vert våre felles verdifulle bygningar tømt, fjerna, seld, vanskjøtta eller nedprioritert. Her finstmange døme.

Veit folk kva differansen i kroner er mellom dei ymse forslaga til nybygg av barnehage? Er teikningane tilgjengelege? Kommuna skryter av å ha god økonomi. Kunne det også vera på tide å visa at det finst kulturell kapital i bygda. Ta vedtaket opp til ny drøfting i det nye kommunestyret.

La Klukkarhaugen få leva. Bygningen er med og gir bygda identitet. Skulehusetbør restaurerast og brukast vidare på staden, anten der det finst, eller på like ved, på Kyrkjebakka, der menighetshuset før sto.