av Terje Kleiven, styreleiar i Bevar villreinen i Rondane

Med bakgrunn i det fokuset det har vore dei siste par åra på villrein og på generell nedbygging av natur, hadde vi ei viss forventning til Stortingsmelding nr 18, «Ein forbetra tilstand for villrein», som nyleg vart lagt fram. Når det «gløser raudt» for villreinen i seks av ti villreinområde, måtte det vel koma kraftfulle tiltak. Trudde vi!

Derfor vart skuffelsen desto større når vi fekk Stortingsmeldinga på bordet. Det manglar ikkje på verbale mål og positive intensjonar. Men det manglar det viktigaste: Å vise handlekraft. Evnen og viljen til å koma med kraftfulle tiltak og insitament ut ifrå den faktabaserte kunnskapen vi har om dei utfordringane villreinen i dag står over for. Det er vel og bra å få ei revidering av eksisterande planverk lokalt som regionalt. Det er vel og bra og koma med «bønn» om at vi må vera meir restriktive når det gjeld hyttebygging.

Men det hjelp ikkje ei raudlista art å koma med ei slik byråkratisk ørkenvandring. Utfordringane er her og nå. Og må løysast her og nå. Utfordringane er stutt sagt at vi gjennom eit par generasjonar har innsnevra villreinen sitt leveområde gjennom vår arealdisponering; hyttebygging, stort ferdselstrykk, bygging av barrierer m.m. Vi har mangla ei heilheitleg forvalting.

Norge har forplikta seg, gjennom Bernkonvensjonen, til å ta vare på den siste opphavlege villreinstamma i Europa. Derfor hadde vi venta meir av Stortingsmeldinga. Målsettinga om gult nivå i 2050 og grønt (god) i 2100 er alt for langsiktig, lite offensiv og lite forpliktande Derfor er vi skuffa. Derfor må vi kjempe vidare.

Bevar villreinen i Rondane

Terje Kleiven, styreleiar