Vann fotokonkurranse

Ola Erik Mølmen frå  Lesjaskog vann Viggas fotokonkurranse.
Nyheter

Vigga arrangerte fotokonkurranse i høve Friluftslivets år 2015. Motivet var relativt fritt, med einaste krav om at det laut vera teke i inne–
verande år, og tatt utandørs. Det kom inn utruleg mange flotte bidrag, og det var vanskeleg å plukke ut ein vinnar.

37 finalistar

I juryen sat redaktør Maria Kampesæter Kleiven og leiar for Dovrefjell Fotoforum, Asbjørn Amble. Av dei 37 finalistane vart 16 bilete plukka ut til siste runde. Ola Erik Mølmens idylliske bilete frå Dalsida vart ein soleklår vinnar, og han vann ein tursekk og eit gavekort på print av bilete.

Det var svært jamt i toppen, og tre bilete til får skrapelodd som ekstrapremie.


Se alle finalistene

Vigga feirer Friluftslivets år 2015 med fotokonkurranse!

Frå Dalsida

Biletet til Ola Erik er teke ved Gåsbu på Dalsida i sommar. Det er barnebarna til Ola Erik som sit i den store «enga» av myrull.

– Vi har hytte på Gåsbu, og har visst om denne forekomsten av myrull. Det er eit hav, og er faktisk mykje meir enn dette, seier Ola Erik, som var glad for å vinne hovudpremien.

Vigga takkar alle som har sendt inn bidrag til konkurransa.