Heime på Lesja

Guri Sørumgård Botheim (38) frå Lesja har budd i Trondheim i 17 år. Likevel omtalar ho Lesja som heime

Videoen vart laga til boksleppet, og er sjølvsagt spela inn i fjellområda mellom Lesja og Dovre, og på heimgarden til Guri.

Guri Sørumgård Botheim er aktuell med diktsamlinga "Heime mellom istidene".  Foto: Foto: Samlaget/ Benedikte Skarvik

Nyheter

Skal ho fløtte heim, og kvifor kjennes Lesja framleis som heime?

Dette er nokre av spørsmåla ho har prøvd å svare på i sin debut med diktsamlinga, «Heime mellom istidene». I eit av dikta skriv ho at ho ikkje vil vere den som reisar frå bygda, og som ikkje kjem attende.

– Eg har tenkt mykje på dette, og har ikkje konkludert noko. Redaktøren min spurde meg om eg ville heim eller ikkje, men eg held det ope, fortel diktar-debutanten.

Personleg

Dikta i boka er på dialekt når ho omtalar heime – Lesja, og på nynorsk når ho omtalar Trondheim, der ho bur. Det er svært personlege skildringar. Fleire av versa får ein til å trekkje på smilebandet, medan andre gjev rom for mange refleksjoner.

– Det var vanskeleg å skrive dikt uten at det blir sant. Ein har seg sjølv å ta utgangspunkt i, og det vart ein personleg tematikk, seier Guri.

Ho vurderte å bruke fantasien meir, og finne på ting, men det fall seg ikkje slik. Boka vart sann og ærleg.

Dialekt og nynorsk

Til dagleg arbeider Guri som avdelingsleiar i Norsk Forfattersentrum Midt-Norge. Med fulltidsjobb har arbeidet med diktsamlinga teke godt og vel tre år. Dikta har vorte til på reiser og ferier, med ein god del sortering, meir bevisst komposisjon og redigering i innspurten. Dei to ulike målformane fell litt på plass etterkvart.

– Eg var spent på om folk klarte å lese dikta på dialekt, men har ikkje fått attendemelding på nokon som ikkje har klart det. Mange har faktisk likt dikta på dialekt aller best, seier Guri.


Les meir i vekas Vigga.