Drømmedag med skilandslaget

Unge talent frå Nord-Gudbrandsdalen fekk ei treningsøkt med landslagstrenarar på Sognefjellet.
Nyheter

HANS ERIK KJOSBAKKEN

Sparebank1 er hovudsponsor for elitelandslaga på ski, og den lokale banken - Sparebank1 Lom og Skjåk - hadde fått ordna med treningsøkt og lunsj med dei beste av dei beste i norsk langrenn.

Landslagstrenar Emil Weberg Gundersen, som både er trenar og arbeider på marknadssida på landslaget, tok imot dei unge håpefulle.

Fyrst på programmet stod ei omvising i det aller heilagaste, nemleg smørebussen til skiløperane. Det som skjer med skia inne i denne bussen, kombinert med dagsformen til utøvarane, avgjer om det blir gull eller ikkje.

Hovudbodskapen i bussen var, at sjølv om dei beste skiløparane kan ha 30-40 par ski, treng ein ikkje det når ein er i startfasen av ei eventuell skisatsing.

– Du klarar deg fint med eitt par for klassike og eitt skøytepar, sa Gundersen, som la til: Ta godt vare på skia dine!

Deretter bar det ut i den åtte kilometer lange løypa på Sognefjellet - i eit fantastisk sommarvêr. I løypa fekk dei unge håpefulle gode råd og tips frå trenarar - og det vart spesielt fokusert på balanse. Dei fekk òg treffe eliteløparar og det vart teke fleire selfiar i løpet av økta.

– Jælma bra

To løparar frå sprintlandslaget og landslagssjef Vidar Løfshus var innom smørebussen før lunsj for å fortelja litt om ski og satsing. Dei to unge fortlade litt om deira veg fram til full satsing på ski.

Martin Løwstrøm Nyenget og Sondre Turvoll Fossli hadde ulik tilnærming til toppidretten, men ein ting hadde dei felles: Dei var svært allsidige da dei var yngre og dreiv med ulike og fleire idrettar før spissinga tok til.

Også Ola Wigen Hattestad, ein gong verdsmeister i sprint, var innom og prata med dei unge.

Fleire av dei lokale talentane går så ofte dei kan i dei flotte løypene på Sognefjellet, men formiddagen med landslaget var nok av dei likaste treningsøktene dei har hatt. Marius Systnes frå Lom oppsummerte drømmedagen slik: «Jælma bra. Yppele!»