Argumenta dei brukar har ingenting med saka om å «legge Dombås på is» å gjera, altså om ein skal starte Vg1-kurset på Dombås til hausten, men derimot om ein skal behalde skulestaden Dombås. Det er først når elevane kjem på vg2 og vg3 at ei fagleg vifte er aktuell. Elevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule vil ikkje få ei breiare fagleg vifte dersom avdeling Dombås blir lagt ned, fordi skulen allereie har fleire fag via videoundervisning mellom avdelingane Dombås og Otta - og frå hausten skal også avdeling Lom vera med i dette samarbeidet.

Dersom politikarane ønskjer ei ny struktursak, så er det noko fylkestinget må avgjera, ikkje fylkesutvalet. Å «legge på is» vg1-klassa på Dombås frå hausten vil i praksis bety å legge ned heile avdelinga, og det vil vera nettopp den seigpininga politikarane er så redde for. Samtidig vil dette vera ei minimal innsparing for fylket, men som vil ha enorme konsekvensar for mange. I det fylkeskommunale budsjettet er dette småpengar. Kva er den totale rekneskapen ved å leggje ned?

Det er skremmande at ei tilfeldig stemning på eit komitémøte skal avgjere ungdommane våre si framtid og mange arbeidsplassar. Det er skremmande at mangel på kunnskap om fagfeltet skal avgjere. Dette er i beste fall eit politisk flipper-spel, og vi spør oss kva agendaen eigentleg er?

Fylkesadministrasjonen har gjort ei totalvurdering som tilseier at ein skal starte opp vg1-klassa på Dombås til hausten. Politikarane avslører sin manglande faglege kunnskap med dette utspelet, og det er tydeleg at dei heller ikkje har nok innsikt i kor mykje desse tre skulestadane samarbeider. Politikarane bør denne gongen lytte til administrasjonen.

«Det hjelper ikkje å kalle ein spade for ein spade når det ein seier elles ikkje heng på greip.»

Med helsing tilsette ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Dombås

Ola-Matti Mittigård, Bård Ove Øyen, Ann Christin Vole, Torill Utgård, Ragnhild Skaalgaard, Helga Sandbu Holen, Ola Tovmo, Ola Arne Dalen, Claudia Rittig, Sindre Hol Pedersen, Erland Einbu Wigenstad, Tove Jøndal, Karl Magnus Fauchald, Ola Iver Røe