Etter at elevar gjekk saman og kjempa hardt og lenge for eit tilbod om skule, vart det i 2015 vedteke at det skulle opnast eit treårig skuletilbod, studiespesialisering avd. Dombås. Letta og glade var oss fordi oss fekk eit vidaregåande tilbod på Dombås. I trua på at dette tilbodet skulle vare over lengre tid, søkte vi oss dit. Dessverre var gleda kortvarig. Ikkje før endringsfristen hadde gått ut, byrja det å svirre rykte om framtida til NGVGS avd. Dombås. Det politikarane hadde lova oss i 2015, forsvann som dogg for sola. Oss kjenner oss narra av politikarane som no skapar ei ustabil og usikker framtid for oss ungdommar.

Nokre av oss har alltid hatt Dombås som fyrste val. Enkelte hadde søkt andre skular, men etter nøye vurdering av reisedistanse og eventuell leige av hybel falt det endelege valet likevel på Dombås. Godt samhald på tvers av klassetrinn, lærarar som tek seg av elevane, og meir tid til skulearbeid var blant grunnane til dette.

Etter det vi har høyrd så er det sosiale samværet på tvers av klassetrinna bra. I tillegg så er dei ein av dei skulane som har dei beste resultata i fylket, men viss skulen mistar eit klassetrinn så kan dette samværet bli svekka. Det er òg sannsynleg at yngre elevar lèt vere å søkje seg til ein skule utan tidlegare medelevar.

Samstundes nemner dei at dette også handlar om økonomi, men kor mykje er det å spare på å leggje ned eit tilbod når dei likevel har ei leigeavtale for bygget (bygd 2016) som strekk seg fram til 2036? Oss set difor eit stort spørsmålsteikn ved politikarane si truverd og respekten for ungdommen si stemme – og den har vore klar og tydleg!

Louise Engen, Ingrid Sletta Rolstad, Mari Randen, Mia Krukhaug Mariplass, Irja Heidsve og Maria Bergan Hoksvold.