Bak selskapet Norsk Dyreomsorg SA står Einar Lyen frå Heidal, Stein Ivar Skreden frå Otta, Øyvind Holø frå Vågå og Kitty M. Killi Jevne frå Vinstra.

Lanseringa av det nye selskapet var på Gammel-Kleppe i Vågå måndag.

Dei fire har lang erfaring frå landbruk og dyrevelferd. Einar Lyen er småfebonde, Stein Ivar Skreden har arbeidd i Nortura i 24 år, dei sju siste åra som produsentkontakt og rådgjevar, Øyvind Holø er ammeku-produsent og Kitty M. Killi Jevne har eigen dyreklinikk på Vinstra.

Dagleg leiar Einar Lyen sa under lanseringa at «bonde hjelper bonde» er eit sentralt stikkord i satsinga.

Gardsnøkkel

Konseptet er å tilby rådgjeving, service og tenestesal innan dyreomsorg.

Gardbrukarar som teiknar medlemskap vil kunne få to besøk i året med dyrerunde, tilgang til tre timar rådgjeving, tilgang til utrykkingsteneste og ein eigen «gardsnøkkel».

Øyvind Holø fortel at «gardsnøkkel» er eit dokument som blir utvikla for kvar gard.

– Dyrevelferd er eit ømfintleg tema. Vi skal vere ein nøytral part som kjem inn og hjelper. Vi skal ikkje vere nokon peikefinger eller utfylling av straffeskjema, sa Holø.

Han fortel at dokumentet skal beskrive alt som omhandlar dyredrifta på garden. Alt frå talet på dyr, oppstilling i fjøset, foringsplan, detaljert oversikt over teknisk utstyr, alarmar, vassinntak med meir.

– Gardsnøkkelen skal vere så detaljert at kven som helst kan hjelpe til og sørge for god dyreomsorg om noko skulle skje med bonden og hans næraste, sa Holø.

Gardbrukarar som teiknar medlemskap, vil bli synlege på ei database med «god dyreomsorg» og vil få eit dørskilt til å ha på fjøsdøra. Dei vil også få tilbod om «utrykkingsteneste».

Dette skal vere eit tilbod om strakshjelp ved sjukdom, ulykker eller krise som brannar, for å hindre driftsstopp og økonomisk tap.

Utrykkingsteneste

Stein Ivar Skreden fortel dei vil opprette såkalla satelittar med folk som har erfaring frå landbruket som skal hjelpe til i «utrykkingstenesta». Dei vil handplukke folk til dette.

Norsk dyreomsorg skal også gje råd til sine medlemar.

Skreden seier at dei vil gje råd om avl og livdyrhandel, fôring, rådgjeving og hjelp til lukking av vedtak frå Mattilsynet.

– Vi vil også organisere og hjelpe til med å fjerne utmarksgjerde. Som sauebrukar har eg erfaring av at det er eit stort problem med gjerde som har falle ned, sa Lyen.

Nybrotsarbeid

Det var han som lanserte ideen til selskapet i 2015 og som nå etter snart tre års arbeid er lansert.

– Vi har prata med ulike miljø innan bransjen og fått positive attendemeldingar, sa Lyen.

Han fortel at dei har fått 500.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge.

– Dei har brukt ordet nybrotsarbeid når det gjeld dyrevelferd. Vi tek innover oss at folk har tru på prosjektet, sa Lyen.

Norsk dyreomsorg vil gå som eit toårig pilotprosjekt, og ein ser for seg at selskapet blir permanent etter denne tida. Målet er å få med seg 50 gardbrukarar i Nord-Gudbrandsdalen i starten.

Planen er å ekspandere ut over Gudbrandsdalen. Vi har ambisjon om eit nasjonalt nivå, sa Einar Lyen.

Etableringa av Norsk dyreomsorg har hatt god hjelp av Harald Granrud og Dag Lindvig i Skåppå kunnskapspark.

– Eg trur dei vil få suksess med dette. Da tenkjer eg på innhaldssuksess med det å hjelpe andre gardbrukarar, sa Lindvig .