Jentene har laga seg sin eige sommarjobb ved å vere kafévertar i heimbygda. Kvar måndag har dei fri, ellers er dei å finne bak disken på kaféen ved butikken på Lesjaverk kvar dag fram til 27. juli. Kvar sommar dei siste åra har det vore nokon som har laga eit triveleg tilbod for både fastbuande og gjennomreisande. No var det endeleg Live Thorsplass og Marie Vognild sin tur.

– Det har vore prata om sidan eg gjekk i 4. eller 5. klasse at eg skulle få drive sommarkafé her, seier Marie.

Heimelaga

No har dei sett i stand til sommarens drift, frysarane er fulle av kaffemat. På menyen er både vaflar, kanelknutar og kake. Dei sel også toast, med tilhørande salat.

– Til den er det heimelaga dressing. Du skal kunne ete deg mett, seier dei driftige jentene.

Av drikkevarer inneheld menyen ein kuriositet: Mjølk rett frå tanken. I 2018 er dette ikkje kvardagskost i dei fleste heimar.

– Her er alle velkomne, smiler Live og Marie, som håpar på mykje besøk på kafeen sin i sommar.

Skilta ved vegen skal få forbipasserande til å stoppe.