Ho går i 6. klasse på Dombås skole og deltok med forteljinga «Då alt gjekk galt» i konkurransa som Bokbussen i Oppland arrangerer.

Årets oppgave var å forfatte eit skrekkscenario om korleis verda vil sjå ut om 100 år dersom alt gjekk galt. Her måtte elevene ta stilling til etterverknad av blant anna forureining, plast og forsøpling, atomkraft, befolkningsvekst og sjukdommar.

88 tekster kom inn. Juryen seier at felles for tekstene er at framtidsutsiktene er dystre, med store innslag av verdskrigar, atombomber og virussmitte med zombiar som resultat.

Vert inspirert av bøker

Det var først plukka ut seks vinnerkandidatar til avstemming, og Torstein Brustuen Regne i 6. klasse på Reinsvoll skole gjekk av med sigeren. Anna Marie er glad i å lese bøker og ho fortel at ho blir inspirert til å skrive forteljinar av å lese bøker sjølv.

Dombås skole har tidligare også kome høgt opp i denne skrivekonkurransa. I 2013 vann Jesper Selsjord same konkurranse.