Skog- og tregrensa i Noreg er på veg oppover. I juni vart det funne eit bjørketre på rekordhøge 1.400 meter over havet i Jotunheimen.

Nå kan du sjølv bli med i jakta på landets øvste tre gjennom appen «Natur i endring».

Over alt i landet er skogen på veg høgare opp, på grunn av varmare sommartemperatur og attgroing etter tidlegare hogst og beiting. Men førebels er det ingen som nøyaktig veit kor fort denne utviklinga går.

– Mange ser at skogen kryp stadig høgare oppover fjella, men vi veit rett og slett veldig lite om korleis det norske landskapet vil sjå ut i framtida, fortel Anders Bryn, førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum i Oslo, i ei pressemelding.

For å finne ut meir har Den Norske Turistforening (DNT) og Naturhistorisk museum i Oslo  sett i gang eit nasjonalt prosjekt der alle turgåarar i Norge er invitert til å delta som «forskarar».

– Ved å laste ned appen «Natur i endring», kan du registrere dei aller øvste trea du finn i landskapet. På heimesida naturiendring.no kan du følgje med på kva som blir registrert rundt om i landet og også sjå kvar dei øvste funna er gjort i kvart fylke, fortel Bryn.

I Oppland er ligg tregrensa på 1.394,5 meter over havet, medan skoggrensa er på 1.280 meter over havet.

– Det er hovudsakleg temperaturen som bestemmer kvar det kan vekse skog. Nå som klimaet blir varmare er det truleg at tre kan trivast ein god del høgare enn det vi har visst om hittil.  Og dei øvste trea (tregrensa) har vi ikkje informasjon om i det heile teke, så her treng vi verkeleg data. Eg håper mange vil nytte denne moglegheita til å forske på sitt eige nærmiljø, og dermed bidra med viktig informasjon for oss som forskar på naturen, seier Bryn.

Natur i endring er ein del av DNT sitt 150-års jubileumsmarkering.

Generalsekretær Nils Øveraas tykkjer det er viktig å engasjere turgåarane i å dokumentere kva som skjer med naturen.

– Da vi merka dei fyrste stigane for 150 år sidan var over halvparten av Noregs areal villmarksprega natur. Nå er det knapt 12 prosent att, og endringane i landskapet går fort. Med dette prosjektet håpar vi at folk blir meir bevisste på dei endringane som skjer i landskapet, seier Øveraas.

Han trekkjer fram appen «Natur i endring» som ein spanande sommaraktivitet for familien.

– Spesielt trur vi at det kan vere artig for borna å få vere med på trejakt medan dei går på tur. Kanskje blir terskelen for å koma seg ut noko lågare med den motivasjonen, seier Øveraas.

Alle som registrerer tre eller skog gjennom appen i løpet av sommaren, konkurrerer om premiar.

Informasjonen som blir samla inn gjennom prosjektet vil bli viktig for forvaltning og klimaforsking. Resultata vil bli synt fram på heimesida naturiendring.no.