Nokre høyrde ivrig på musikken, andre slappa av i bakgrunnen på piknikkpledd. Likt for dei var at dei kosa seg med folkelivet og musikken.

Kjell Marius Snipen, den eine halvdelen av Dåm, var dagens konferansier. Ålitteran Dåm-musikk kom det lell, blant anna låta "Ålitterann" og ein heilt fersk ein som heite "Lyden av Dombås". Snipen fekk også med seg ungar i publikum til det spontane barnekoret "Dombås The Best", som fekk stor applaus for dei tre klassikarane dei framførte på scena i parken, etter at blåtonene frå Blåways hadde stilna.

Bjørn Sigurd Glorvigen stilte på kort varsel. Han hadde eit program med både nyare, og det ein kan kalle eldgamal musikk, når sangen er urdovrisk frå 1750-talet.

Jennifer Olsen åpna programmet frå scena, før det var trampolineshow med lokale utløverar. Converta og Tenerbris Army var også ein del av programmet på scena.

Sjogg Event dreg i gang eit nytt "Lyden av Dombås" den 21. juli.