Lokale kunstnarar stiller ut i Skjåk

Inger Synnøve Killi og Kari Utgaard er av dei som denne sommaren stiller ut på Galleri Mathilde i Bismo.

Dette er damene som stiller ut kunsten sin i Bismo i sommar.   Foto: Vigdis Kroken/Fjuken

Nyheter

Utstillinga opna laurdag. Gallerieigar Mathilde Skamsar fortel til avisa Fjuken at sommarutstillingane stadig vert meir populære, og at ho har prioritert med hard hand. Det er 21. året på rad det er sommarutstilling på Galleri Mathilde.

Nokre av utstillarane er debutantar, andre er erfarne. Alle utstillarane har lokal tilknytning.

Dette er: Anne S. Jakobsen, Ida Sperstad, Kari Utgaard, Sara G. Basmoen, Silje M. Sperstad, Elin Åmodt, Bodil Daae, Randi Venke Flækøy, Anna G. Melhus, Oddbjørn Ramstad, Inger Johanne Killi, Anna Strand, Mary B. Gravdahl, Brit Morken, Haldis Ofigsbø, Karen M. Dahl, Kari Brustugun, Nina Andrea Standerholen og Kine Wettergren.